I går, onsdag 7.2.07, hadde leiaren for Hjørundfjorden bygdeutvikling, Ivar Svein Mo, og leiaren for Sæbøgruppa i bygdeutvilinga, Kjell Otto Holen, møte med Ørsta kommune v/planleggar Svein Silseth og Sæbø Bygg A/S v/Lars Johan Sæbønes.

IMG_4036

Frå venstre:  Svein Silseth, Lars Johan(Lasse) Sæbønes, Ivar Svein Mo og Kjell Otto Holen.

Dette var eit godt møte, meinte Svein Silseth frå Ørsta kommune og gjev samstundes ros til Kjell Otto Holen for god planlegging. - Det nye kaianlegget for Hjørundfjorden sin skyssbåt vil kome på ca. kr. 500.000,- og sjølve flytebrygga vil nok bli kjøpt frå Ørsta Stål, fortel Silseth vidare. 

Når Silseth er litt nølande så har ikkje denne samanheng med at han tvilar på om ny skyssbåtkai vil kome.   Nei, nølinga skuldast finansieringa.  Det vert nok ein liten diskusjon om kven som skal betale kva, men Ørsta kommune sin intensjon er klar, seier Silseth: Den nye kommunale skyssbåtkaia på Sæbø skal vere på plass til sommaren 2007.

IMG_4045

Leiaren for Sæbøgruppa, Kjell Otto Holen.

Kjell Otto Holen fortel at den nye skyssbåtkaia vil verte flytta litt i retning Hustadvika i høve til der ho ligg i dag.  Dette er fordi eigaren av dagens skyssbåt M/S "Hjørundfjord", Oddvar Olsen, av praktiske årsaker ynskjer å legge til på nordsida av den nye kaia. For å sikre at skyssbåten vert liggande ved kommunal grunn, flyttar vi altså kaia nokre få meter sørøver, seier Holen.

Kjell Otto Holen har allereie planlagt arbeidet med landdelen av den nye skyssbåtkaia.  Han fordel at landelen  vert bygt ut slik at den vil flukte med "Samvirkekaia"/ kai til Sæbø Bygg A/S.  Frå denne landdelen  og ut til flytebrygga vil det ligge ein 10 meter lang landgang og sjølve flytebrygga vil verte 15 meter lang og ca. 3,5 meter brei.  Midt etter flytebrygga vil det verte rekkverk.

På nordsida av flytebrygga vil som nemnt M/S "Hjørundfjord" ligge og på sørsida vil t.d. hurtigbåten/rutebåten M/S "Nordic Sky" kunne legge til.  Men Kjell Otto Holen understrekar at denne kaia skal vere open for alle som ynskjer å sleppe i land/ta ombord passasjerar.

Når den nye skyssbåtkaia er komen på plass, vil der ligge att eit område i ca. 5 meters breidde mellom skyssbåtkaia og "Samvirkekaia" som ikkje er fyllt ut.  Dette området eig Sæbø Bygg A/S. - Også dette området vil no verte laga til på ein skikkeleg måte i samband med bygginga av skyssbåtkaia, seier Lars Johan Sæbønes.  "Samvirkekaia" og den nye skyssbåtkaia må sjåast i ein samanheng.  Kjell Otto Holen er samd.  - Dette får vi til i lag og han returnerer rosen frå Svein Silseth.