Allereie for ca. ei veke sidan byrja Norangsfjorden å  fryse til. I dag ligg iskanten eit stykke ut i stranda utanfor Stennes.  På Urkesida ligg isen omtrent ut til kaia.  Det er Einar Arne Stennes som opplyser dette til hjorundfjord.no.

IMG_4008

Vi ser her at isen ligg i Norangsfjorden ut forbi Stennes.  Bildet er tatt måndag - i går.

Heldigvis er vegen til Nordang open igjen, opplyser Einar Arne Stennes.  Dermed kan t.d. Tine sin tankbil hente geitemjølka på Stennes.  Som kjent er det ikkje lenge sidan at skyssbåten M/S "Hjørundfjord" måtte frakte mjølka over til kaia på Urke p.g.a. stengd veg.

Einar Arne Stennes har no underretta Ørsta kommune om den islagde fjorden.  Enno skaper ikkje isen problem, men slår vêret om og det vert plussgrader, er faren stor for at vegen til Stennes igjen vert stengd.  Ein islagd fjord og ein stengd veg vil føre til problem for dei fastbuande på Stennes.  Einar Arne trur at isen i dag er ca. 10 cm tjukk utanfor Stennes.

Så det vert ikkje fiske etter lyr på Stennesrevet dei næraste dagane, Einar Arne?

- I så fall må det verte isfiske. Isen tek til å bli grå så den er snart trygg nok til det.