Her eine dagen stod det svart på kvitt i avisa:  Å sove middag er ikkje berre godt - det er sunt også.  No kom ikkje dette som ei stor bombe på oss som likar å ta  ein strekk på sofaen etter middagen. Men det er så rart med det, når seriøse forskarar har forska seg fram til dette resultatet - ja, så vert samvitet på ein måte betre når vi inntek horisontalen...

Om desse endene som vi ser under har lese den same avisa som eg, skal vere usagt, men dei sov tydeleg då eg fotograferte dei omtrent midt på dagen i dag.  Heller ikkje såg det ut til at dei fraus på føtene sjølv om dei sat på isen.  Ja, ja, eg er i heilt sikker på at dei fekk det godt etter at dei vakna - i alle høve om dei fekk seg ein kaffikopp i tillegg.

IMG_3832

Eg lurte ei stund på om eg såg dobbelt, men fire ender sat altså på iskanten og kvilte middag tidlegare i dag.