Eg er glad over å sjå Ørsta Formannskap sitt nei til oppdrettsanlegg ved Molaupen i Møre Nytt i dag, 15.2. Eg vonar dette representerar ei line dei held fast på vedr. forslag til oppdrettslokalitetar i Hjørundfjorden, presentert i kystsoneplanen. Protestaksjonen mot oppdrett som er sett i gong krev at grensa mellom Festøy og Hundeivik vert oppretthalde.Ingen nye oppdrettslokalitetar skal etablerast i Hjørundfjorden! Eg undrar meg elles over kva Toril Langlo i Møre Nytt i dag, 15.2, meinar med:"Eg registrerar at det er først no folket i Hjørundfjorden vaknar, og forstår kva dei sa nei til då dei gjekk imot at Hjørundfjorden skulle verte nasjonal laksefjord." Heilt sidan Rieber-Mohn utvalet som skulle kome med forslag om nasjonale laksevassdrag og fjordar vart nedsett i 1998, har underteikna i mange innlegg i lokalavisene ,og elles,argumentert og kjempa for nasjonalstatus for Bondalselva og Hjørundfjorden. Eg har hatt kjensla av å hatt folket i Hjørundfjorden i ryggen. Med eit par unnatak har ingen i desse åra offisielt gjeve utrykk for noko anna. Fleire eg har snakka med spør seg difor kva Toril Langlo meinar.Direktoratet for Nat.forvaltning fremma forslag om nasjonalstatus for både Bondalselva og Hjørundfjorden i innstillinga til miljøverndepartementet. Ørsta kommunestyre saman med oppdrettsnæringa  gjekk imot. Ei gåvepakke til oppdrettsnæring og miljøvernminister! "Kvifor gje nasjonal status til elv og fjord når ikkje kommuna ønskjer det?" Dette er realitetane for kva Ørsta kommune stemte for i forkant av miljøverndepartementet sitt nei! Så Toril Langlo, det er vel ei kommunal ansvarsavskriving å skylde på "Hjørundfjordingane?" Kan du difor vere litt meir konkret og utdjupe din utale i Møre Nytt? Det må du, for du har vore litt for generell. Eg oppmodar elles politikarane i formannskap og kommunestyre om følgjande: "Legg bort prestisjen og følgj den folkeleg protesten som no brer seg. Hald fast på forbodet mot nye oppdrettslokalitetar i Hjørundfjorden som sperregrensa mellom Festøy og Hundeivik ivaretok. De stemte imot Hjørundfjorden og Bondalselva sin nasjonale status avdi de trudde at kystsoneplanen "var verkty godt  nok" til å ivareta Hjørundfjorden og Bondalselva. Det er eit eksperiment som Hjørundfjorden ikkje toler og som ikkje let seg gjennomføre! Tek oppdrettsnæringa først "lisssje-fingeren," tek dei snart heile handa. Ein søknad om torskeoppdrett ved Molaupen , i eit område som ikkje er utlagt som oppdrettslokalitet i kystsoneplanen, er vel bevis godt nok! Attpåtil ein månad før forslag til oppdrettslokalitetar skal handsamast i kommunestyret! Kvar i Hjørundfjorden vil dette "gigantanlegget" for torsk gje arbeidsplassar, om eg tør spørje....Ein oppdrettsfri Hjørundfjord er det protestaksjonen kjempar for! Noko som fleire og fleire får augo opp for betydninga av!