I eit veksande minefelt mellom ei agressiv oppdrettsnæring og verneinteresser veks "forklaringsproblemet." Kystsoneplanen skulle ivareta båe interessene, vart det sagt. Så står det att å sjå i kor stor grad det let seg gjere. Eg har sagt det før, og gjer det gjerne igjen: Ørsta kommune freista å utøve ein "Ole-Brum politikk." Ja, takk. Begge deler! I ei avstemming som i mine augo var noko av det viktigaste for Hjørundfjorden sidan kommuna opphøyrde som eiga kommune. (For Snart 40 år sidan.) Det gjekk om Hjørundfjorden si "genuine" framtid! Eg stiller meg sjølv ofte spørsmålet. Kor mange i Ørsta kommunestyre forut for avstemminga i okt. 2004 visste at "Bondalsvassdraget er varig verna mot kraftutbygging?" Uansett nasjonal status eller ikkje. Kor mange visste at det eksisterte ei sperregrense mot oppdrett mellom Sunde-Festøy som ville verte oppheva om Hjørundfjorden ikkje vart Nasjonalfjord? Bondalselva og Hjørundfjorden var eigentleg verna. Ørsta kommune ville det ikkje slik. Sjølvsagt var det freistande å skyve eit "problem" foran seg. I dette høvet 2-3 år. Til ein framtidig, diffus kystsoneplan. Eg vil her på portalen "utfordre" politikarane som då representerte Hjørundfjorden om å klargjere kva dei stemte, og kvifor. Likeeins kva dei vil stemme når kystsoneplanen med oppdrettslokalitetar vert lagt fram. Tidlegare vart det her på portalen presentert eit skrekk-scenario (biletleg) av natur/oppdrett. Sjå biletet på s.16 i Møre-Nytt i dag. Det einaste oppdrettsanlegget i Hjørundfjorden pr. dags dato. Liknar det? Det førebels einaste oppdr.anlegget avdi sperregrense har hindra nye etableringar. Kystsoneplanen/Ørsta kommune vil oppheve denne!