Eg var på besøk med min gode venn Arne. Han hadde fått eit helikopter i julegåve med broren. Vi gjekk ut med det for og fly med det, tross advarslar frå Lars Kristian. Helikopteret gjekk kjempefint, og eg blei bitt av helikopterdilla!

Eg gjekk rett heim og begynte og spare pengar til og kjøpe meg eit helikopter, vel det var vel meir som ein pengeinnsamling. Då eg hadde nok pengar,  gjekk eg inn på sida http://www.rcmodeller.net/   og bestilte eit  helikopter.  Merket var "Dragonfly".

IMG_3898

No var det berre og vente på at det kom i posten. Eg fekk ein positiv overrasking då pakken var på døra berre to dagar etter eg bestilte det. Eg begynte med og lese bruksanvisninga, og neste dag ladda eg batteria til helikopteret. Eg og faren min gjekk ut. 

 IMG_3902

Då  eg skulle kople straumforsyninga til motakaren, merka eg at det skalv på henda.  Eg telte ned til tre før eg begynte og det flaug til vers. Eg fekk eit adrenalinkick. Helikopteret var kjempebra, og veldig lettstyrt!  Eg var heldig og ikkje krasja det. Når eg var ferdig sprang eg inn igjen og lada det på nytt. Eg flaug det to gangar den dagen.

IMG_3905