Som brukarar av portalen nok har merka er min mann (Fred) ivrig turgåar. Og det er vel ikkje ulyst som har helde meg heime, men siste åra har svangerskap og no baby gjort sitt til at det er praktisk og greit for alle partar at eg passer hus og born medan mannen er på tur. Men no er det altså min tur, det har Fred gjort klinkande klart. Like mykje for samvetet has som for min eigen del skal eg i dag ut av huset –utan barnevogn.

DSC04004 

 

Skia har støva ned i nesten to år... Og eg gler og grur meg samstundes. Skimusklane har ikkje vore i bruk på lenge. Det er ikkje antal høgdemeter som er avgjerande for meg i dag so eg byrjar forsiktig med Melshornet.

Det går lettare enn eg trur opp bakkane, so har vel trilleturar på Bratteberg hatt litt effekt likevel. Og eg nyt kvar ein meter oppover. ”Mamma, mamma” og barneskrik er ersatta av lyden av knirkande snø. Sola skin og kulda kjennast i lungane. Det er herlig.

Toppen vart nådd uten altfor mykje slit og nedover får eg kjenne pudder-rusen. Det er visst med skikøyring som med sykling, kan du det så kan du det... Eg susar heim med melkespreng,  såre lår og eit stort smil. Korleis kunne eg gløyme kor godt dette kjennast....