Prosjekt Matmangfald i Møre og Romsdal arbeider med å inspirere bønder og andre til å setje i gang småskalaproduksjon, gjerne basert på vidareforedling av eigenproduserte råvarer. Kurset torsdag var eitt av fleire i høve ei satsing på sætring. 

No har eg ingen planar om å starte opp produksjon og sal av rømme på sætra på Villane, eg veit knappast om "Støylen" nokon gong har vore ei sæter og kundegrunnlaget er vel ikkje stort der oppe, men matkultur er spennande!

I fjor studerte eg "Matkultur og konservering" på Høgskulen i Volda og lærte mykje om tradisjonsmat. Mange stilte seg undrande til at eg tok eit slikt studie. Ein treng no vel ikkje å gå på skule for å lære seg å koke søst, bake lefser, spekje kjøt ... For meg, som ikkje er oppvaksen på gard, var det svært nyttig og interessant. Ikkje berre å lære å lage maten, men også det å få ei grundig innføring i mathistoria og i dei kjemiske prosessane som ligg til grunn for metodane som har vore nytta. 

Tilgang til mjølk frå Jørund sine kyr gjorde at eg melde meg på kurset i enkel foredling av mjølk. Arne Brenden frå Ladejarlen vidaregåande skule i Trondheim? (i alle fall Trøndelag) var kursleiar og losa oss gjennom produksjon av yoghurt, rømme og smøreost.

Mysa skillast frå ostemassenDSC01713

Kurset var kjekt og utruleg sosialt. Eg rekna ikkje med at eg skulle kjenne dei andre deltakarane, men eg fekk med meg læraren min frå matkulturstudiet i Volda (Heidi Brunstad Øyehaug). Ho kjende Mari Tvergrov frå Volda (mannen hennar er oppvaksen i Tvergrov-huset på Trysetmyrane), ei ukjend dame frå Vigra som sat ved sida av meg viste seg å vere tremenningen min Reidun Hustad Blindheim frå Sæbø, der var ein kar frå Skylstad og ein ung gardbrukar frå Saltre.

Ferdig ostemasseDSC01716

Ellers var der to osteproduserande damer frå Fiskå/Sylte, der var ei ung jente frå Ulsteinvik som vurderer oppstart av småskalaproduksjon i lag med far sin, ei dame frå Norddal leverer festkaker og konfekt frå eige gardsbakeri. Dei andre deltakarane var der anten av interesse eller av di dei går og ruger på ein idé.

DSC01717Osten skal krydrast

Dersom ein går med ein liten småskalaprodusent i magen er det utruleg nyttig å delta på slike små kurs og samlingar. Ein vert kjend med andre som vurderer å ta steget vidare og ein treff på dei som allereie er godt i gang med sine små og større føretak. Ein får og orientert seg om kva som skjer, kva folk driv med, problem dei møter, løysingar dei kjem opp med. Det er viktig å skaffe seg eit "nettverk".

Ein oppglødd telefonrapport heim til ho mor i Fana torsdag ettermiddag vart replisert med eit "ja, det der kan eg". Og det er klart ho kan, ho som er oppvaksa på gard og har tilleggsutdanning som heimkunnskapslærar! Og no kan eg og!  Gutane mine synest dessutan det er tøft å ha ei mor som lagar verdas BESTE yoghurt.

12.-14. mars vil prosjekt "Matmangfald i Møre og Romsdal" arrangere eit kurs i ysting på garden til Ragna og Magnus Skjerdal på Leira. Kursleiar vert franske Pascal Baudonnel som er busett i Undredal. Ho er leiar for Norsk Gardsost som er ein "Landsdekkande organisasjon for bevaring og vidareutvikling av norske tradisjonar for lokal handverksmessig foredling av mjølk." www.gardsost.no Pascal er ei engasjert og dyktig dame som lenge har kjempa for småskalaproduksjon av ost også frå upasteurisert mjølk. Prosjektleiar Solveig Brøste Sletta på "Fylkeshuset" i Molde er kontaktperson for påmelding. Kurset går over tre dagar: Teori måndag ettermiddag, produksjon av kvitost tysdag og brunostproduksjon onsdag.

Dette blir spennande for den som har høve til å delta!   Ej he'kje:(