I dag laurdag var gutte 12 handball Sæbø/Åmdal til Spjelkavik for å skulle spele 2 kampar. Vi skulle spele mot Rollon 2 og Rollon 3.
Vi reiste frå Sæbø i ti -tida i strålande vinterver, og enkelte var morgontrøytte ,men gledde oss når vi var komne i bussen.
Det er alltid kjekt å køyre IL bussen, sosialt med god kontakt mellom gutta.
Anna Moan var sjåfør og vi skulle plukke spelarar i Åmdalen også.
Idag vart vi 9 spelarar av 13, då vi har skadeproblem; Glenn Robin med brota hand , keeper Håvard med skada handledd og Håvard med brannskade.
Gutta miste ikkje motet for det, Øyvind som er utespelar vile stå imål. IMG_3074
Øyvind er utespelar til vanleg , men er super i mål når det trengs!!- til og med dommaren kommenterte det!!
Vi spelte fyrste kampen  kl.12.30 og gutta kjempa ilag og vann fortjent 13-8.
Det var en skikkeleg lagseier, med mykje fint spel av gutta.
Elsabeth Å Dimmen , Anna Moan  og Inge Åm var lagleiarar idag.
Trenar Sturla Knutsen kunne ikkje være med idag.
Etter ei kort pause i hallen spelte vi ny kamp kl 14.30.  Gutta spelte fantastisk!!
Prøvde på nye ting og tok ansvar då vi fekk uventa skader underveis. Keeper redda også 2 av 2 straffer.
Resultatet viste ved sluttid at gutta våre vann 20-14.
Det viser at gutta fortjent ligg i øvre del på tabellen. 
 IMG_3073
 Dei supre gutta som var med idag:
Bak: Martin Åmbakk, Martin Å Dimmen, Petter Årseth, Jonas Å Jelti, Christoffer Jensen
Framme: Eivind Å Dimmen, Øyvind Sportstøl, Olai E Riise, og Anders Åm.
Desse er også med på laget: Glenn Robin Hustad, Hallvard Brautaset, Håvard Sundnes og Idar Åmås
Triveleg å være med gutta på kampar!!
Dei skal no ha lang pause; neste kamp 10 mars.
Vi skal også på Shell-cup til Kristiansund i april- det blir kjekt.
Skrevet av: Anna og Elisabeth