Gågata i Fredrikshavn var noko snørik.

 

Det var tidleg i januar Svein Sæbønes ringde artikkelforfattaren, og lurte på om han ville vere med på Danmarkstur. Kim Larsen skulle spele i Fredrikshavn fredag den 23. februar. Kanskje var det siste gongen 61-åringen var på turne. Som gammal Gasolin-fan vart det sjølvsagt svara ja. Til saman svara sju positivt på Svein sin førespurnad, og planane vart lagde.

Det skulle verte ei strålande helg i Fredrikshavn og omegn. I nydeleg vårver skulle vi først på konsert, og så bruke ein dag til å studere området, kanskje Skagen eller Aalborg.

 

Bjørnar Ingebrigtsen likar seg ikkje i dårleg måka gater i Fredrikshavn.

Den gamle samlinga med Gasolin-plater vart leita fram, men i mangel på ei god stift på den gamle platespelaren, vart det tinga inn nye cd-ar i staden. "Den sorte boxen" med dei beste Gasolin-platene kom i hus, og oppkøyringa til turen starta. Det er rart med det: Låtar ein ikkje har høyrt skikkeleg på tretti år sat som skot. "Strengelegen", "Hva gør vi nu lille du", og "Rabalderstræde" var tilbake i harddisken. Lite skulle ein ane at sistnemnde låt nærmast vart berginga på heile turen...

I dagane før avreise byrja meldingane om dårleg ver i Danmark å kome, men vi slo oss til ro med at danskane berre sytte over nokre få cm snø. Kor feil vi skulle ta.

Etter ein hyggjeleg tur på danskebåten, var det litt av eit syn som møtte oss i Fredrikshavn. Det var ein snødekt by, og ikkje så altfor godt måka og brøytt. Likevel trudde vi alt var under kontroll.

I staden for Kim Larsen-konsert, vart det nok av tid til å spele biljard for Lasse Sæbønes og Svein Sæbønes.

På hotell Hermann Bang fredag morgon byrja vi å ane litt uro. Då kom meldinga om at konserten Kim Larsen skulle ha i Aalborg kvelden før var avlyst på grunn av veret. Men så fekk vi høyre at Kim Larsen var komen til Fredrikshavn, og hadde byrja å rigge opp i Arena Nord, med plass til 4.000 fans.

I tolv-tida kom meldinga som gav oss eit sjokk. Konserten var avlyst. Den første meldinga var at grunnen var frykt for at taket på Arena Nord ville kollapse. Det var ei sannsynleg forklaring, fordi fem tak på idrettshallar på Jylland faktisk hadde rasa saman torsdagen og fredagen.

Butikkane i Fredrikshavn sleit med veret.

Det var ikkje fritt for at depresjonen kom. Men etter nokre timar konkluderte vi med at det ikkje var nokon grunn til å deprimere over noko ein ikkje kunne gjere noko med. Vi måtte gjere det beste ut av situasjonen.

Då var det å oppsøkje dei kjende danske kroene, og vere sosiale. Det var ikkje fritt for at det var ei dempa stemning i byen. Veret plaga danskane, medan avlyst konsert plaga nordmenn og svenskar som var i byen.

Då var det "Rabalderstræde" kom inn. Vi fekk henta "Den sorte boxen", og plata Gas 5. Betjeninga på baren vart bedne om å spele "Rabelderstræde", og då steig steminga.

Ritualet vart også gjenteke laurdagen, med endå større suksess. Ingen klaga over at same plata vart spelt heile kvelden, kanskje bortsett frå nokre naboar som syntest det vart høgt og mulegens noko monotont. 

Det vart spela biljard, sett på tippekamp, sunge og dansa, jamvel lest bøker - og inn i mellom vart forretningar oppsøkte for å handle suvenirar med heim.

Planlagde utflukter vart sjølvsagt avlyste, for ikkje gjekk det tog, og ikkje var det opne vegar.

Dei har i alle fall akebrett i Fredrikshavn.

Det snøa og det bles, og danskane visste ikkje heilt kva dei skulle gjere. Eventuelt hadde dei ikkje utstyret til å gjennomføre det dei hadde tenkt. Følgjene var dramatiske for mange. Bøndene i dette viktige landbruksområdet måtte slå ut mjølka, for mjølkebilane til Arla kom ikkje fram, og i media vart det frykta at produksjonen av fetaosten til Arla (som er å få kjøpt både på Bellingen og Slettedal) vart stoppa. Det er visstnok på eit meieri på Nord-Jylland ein lagar denne osten.

Ut på laurdagen observerte reisefølgjet ein mann som prøvde å rydde snø. Det var ikkje snakk om ein snøfresar, men ei lita snøskuffe. Etter nokre minutt kasta han berre skuffa frå seg, kom inn i baren, og gjekk rett til bardisken. Han tinga noko sterkt til kommentaren "Dette gidder jeg ikke mere" . Då byrja vi å skjøne.

Sykkellandet Danmark...

For vi fekk etter kvart vite den eigentlege årsaka til at konserten var avlyst. Arrangørane greidde ikkje å måke parkeringsplassen til Arena Nord, og då frykta dei at publikum ikkje ville kome. Konserten var utsett til søndagen, slik at måkemannskapet fekk to døger på å opne opp for dei tilreisande.

For oss vart det i seinaste laget, og søndag morgon gjekk kursen mot Noreg for oss og Stena Saga. Der fekk vi forresten sjå nokon som meistra snøen, då det var tv-sending frå Sapporo-VM, og vi såg det norske hopplandslaget ta sylv.

Planlegginga av neste års tur har forresten alt starta.