Coca-Cola Cup konseptet har som hovudmålsetting å få fleire ungdomar til å

ha det moro med å spele fotball. Det vert spelt femmarfotball(fem på laget) noko som gir mykje ballkontakt.

Det er sosialt fordi laga er samansett av vennegjengar.


Det er tredje året på rad VTI-Fotball arrangerer cupen.

I år er det 16 påmeldte lag så heile laurdagen vil gå med før ein kan kåre ein vinnar. Det er gratis inngong for publikum, så møt opp og hei på vennar og naboar.

Laga som deltek i år har desse namna:

  • Celtric
  • Almis Peanøtt
  • Ball
  • Bana
  • Kaule på Sæbø
  • Enkle ting
  • Juling FC
  • FC Systembolaget
  • Patetico frå Lid
  • Lurk og skarv
  • Mannj United
  • Oransj
  • Same Shit
  • Vikebygda Grus&Groms
  • Små Piker
  • Redburn FC

Resultat finn de på www.cocacolacup.no

www.vti-fotball.no oppdaterer med resultat og reportasje.

Coca-Cola Cup 2007