Snøen dekkjer marka - endeleg. 

 

Vi skriv den 25. januar, og det er vinter. Endeleg vil nokon seie. Det kvite teppet har dekt seg over gardar og grender i fjorden. Det er rart med det, men vinteren skaper aktivitet.

 

I tre månader har det regna, den fantastiske sommaren i fjor er gløymt. Litt småsure har vi vore. Eg trur eg har sanninga: Vi har lengta etter snøen. 

Ja, snøen er ei plage. Det er måking, skredfare, dårlege vegar - kort sagt: tunge tak.

 

Likevel: snøen høyrer heime i Hjørundfjorden. Snøen er ein del av identiteten vår. Det er no vi skal til fjells. Det er no vi skal snakke om skredfaren. Det er no vi skal snakke om kor plagsam snøen er.

Medan vi har desse samtalane, på børs, over telefon eller e-post, så ser vi folk sprudle. Folk skal til topps. Dei skal på Grøtdalstinden eller Skåralaen, eller dei skal på Keipen.

Nokre skal ikkje til fjells i det heile. Det er nok å ta på seg skia ein tur rundt tunet. Eller late borna prøve julegåvene i oppgangen. Om det er akebrett eller ski. 

Vi må vedgå det: Snøen er noko vi har sakna. Han høyrer til her. 

Til lukke: Kong Vinter kom også i år.