- Ca. klokka 21 i går kveld høyrde vi at fonna gjekk  Like etter kom ein kraftig fonnvind hit ned til husa. Heldigvis ser det ut til at fonna ikkje har gjort vesentlege skadar.  Det er Asbjørn Skår som seier dette til hjorundfjord.no.

IMG_3898

Fonna kom denne gongen frå nordsida av elva.

Asbjørn Skår fortel vidare at denne gongen kom fonna frå nordsida av elva.  Ho har hatt med seg store mengder med snø og ho har gått så kraftig at ho nesten har gått opp på røra av motsett side av dalen.  Asbjørn er glad fordi snøen nede med husa låg heller fast.  Hadde det vore mykje laussnø er det ikkje sikkert korleis det hadde gått med husa til Johan Skar.

Etter det Asbjørn Skår har sett så langt, er det ein del bjørk som har blirr rotvelta og plantefeltet med gran ovanfor husa til Johan Skår har kanskje fått ein del skade.  Grunnen til at fonna har gått så stor denne gongen, skuldast at nedbøren/snøen har kome frå nord.  Vanlegvis snøar det frå sør på Skår, avsluttar Asbjørn Skår.

IMG_3898

Store snømengder etter fonna ligg att rett ovanfor fellesfjøsen på Skår.