
Billege tomter på Sæbøneset.
Det var i fjor formannskapet vedtok å leggje ut tomter på bygdene på billegsal. I alle fall ei tomt i Sæbønes-feltet er selt.
I formannskapet var det ingen motstand då Toril Langlo (Ap) foreslo å lengje ordninga.
I Sæbønes-feltet er det no ei ledig tomt att der det er knytt til veg, vatn og kloakk. Men det er minst tre ledige tomter på nedsida av vegen, og som hjorundfjord.no veit folk har lyst på.
Då går det fram av vedtaket frå formannskapet at prisen på tomta er tjue tusen kroner, men at dei som vil byggje der, må koste tilføring av vatn og kloakk sjølve. Kostnaden vert om lag 60.000 kroner.
Det er uansett så mykje mindre enn ei tomt i Øvre Mo at ein har råd til hus og ekstra bil før ein kjem opp i kostnaden på ei tomt der...
Flott og fint... (22.01.2007 kl. 00:06)
Vi har alltids Trandal da.. ei bygd som er ein nydeleg plett i solsida av Hjørundfjorden =)
Tor Eirik Trandal
Flotte tomter, men?? (21.01.2007 kl. 22:50)
Har undersøkt endel om desse tomtene på Sæbøneset men desverre så ser det ut til å bli veldig dyrt å opparbeide dei.Må huske på at det er veldig bratte tomter det er snakk om,men veldig flotte også.Derfor er det viktig at det blir jobba for å få tomter andre plasser også.Skal vi få folk til å busette seg så treng vi andre alternativ enn Sæbøeset.Men for meg personleg kjem ingen andre plassar i nærheita av så fint og flott som det er å bu på Sæbøneset!!!
Wenche Strand
Billege og flotte utsiktstomter (21.01.2007 kl. 18:49)
Fint at dette vart lagt ut på desse sidene. Altfor mange påstår at her ikkje finst byggjetomter og bruker det som argument for å busetja seg i Ørsta sentrum.
Kanskje du, Rune, kunne laga eit innslag der det vert reklamert for desse tomtene på Sæbø, med foto som viser tomt med utsikt mot fjorden. Flatnesfamilien sitt snart ferdige hus på slik ei flott billegtomt kunne sikkert også brukast som "reklame".
Ingenting er viktigare enn å få folk til å bu og byggje i fjorden!
Kari Hame