Eg har lurt på ein ting. Sidan motbakkeløp har vorte meir og meir populert, kvifor ikkje lage fleire her på sunnmøre. Vi har dei kjende som: Saudehornet og Skåla, men her er jo mange flotte fjell so kvifor ikkje lage eit til? Eg tenkt at Skårasalen kunne vere fjellet!

Skårasalen er eit av dei enklaste 1500-meters toppane å bestige, og det er heller ikkje noko utsette opptak. I tilegg har den ei trygg rås utan rasfarer. Plass er det nok av så kvifor ikkje? Eg tenkte meg start endten på Kvistad eller på setra framme i dalen. Publikum måtte då trekke fram i dalen, eller opp i sida for å få med seg korleis det går med løparane. Elles er det godt plass opp over heile ryggen til toppen.(Sjå bilete)

 Turen har alt eit motbakkeløp kan kreve: Brattebakkar, steinur, grasrabbar, spennande terreng og ikkje minst eventyrlig utsikt!

Kvifor ikkje?photo13

photo12