Næraste høgskulen for mange av oss i portalen ligg i Volda, og no heiter han altså HØGskule
Vi hugsar koss det starta opp, med ei minimumsbygning og mange brakker. Mediestudentane viste stolte fram opptakarutstyr og kva dei hadde fått til. Mange unge lektorar satsa på Volda, - somme sit no som professorar. Møreforsking har arbeidd i mange år. Kor mange studentar studerer i Volda kvart år - 2-3000? Ivar Aasen tunet har kome til. Dei snakkar om få hit kompetansesenteret for distriktsutvikling.
http://www.hivolda.no/
Og så er det kanskje eit skifte på gang. Vemodig. Vanskeleg å forstå.
Uråd å akseptere.
Kva skal ein tenkje og tru?
Kompetansesenter for kultur (02.02.2007 kl. 08:05)
Det er også planer om å legge eit kompetansesenter for kultur i Volda
Eg lurer av til på kvar Ørsta Kommune er når det er snakk om etablering av nye senter.
Følger dei ikkje med i timen eller vil ikkje Ørsta ikkje ha slike senter.
Eg spør?
Når det gjeld samling av skuler er det også på trappene å samle Høgskulene i Ålesund/Molde/Kristiansund.
Volda og Ørsta kommune må passe på så ikkje Høgskulen i Ålesund blir samla i Molde.
Det er no langt nok å reise til Ålesund for å utdanne seg.
Perry Bjørke
Skulen er viktig! (31.01.2007 kl. 20:39)
Det var bra at du la ut ei så viktig sak på portalen. Eg meiner den fortener diskusjon og merksemd og er høgst aktuell for Hjørundfjorden med tanke på busetnad og utvikling. Det blir spanande å sjå kva merksemd saka kan få ved neste kommuneval, og eg håper at alle ser viktigheita i skuletilbodet og at det ikkje vert redusert.
Monika Riise