Om dette hadde vore i tidlegare tider i Telegrafverket og i kraftlaga, så hadde svaret vore annleis. Den gongen var tankegangen slik, utan noko "viss": "Også Viddal skal få. Sjølvsagt. Telegrafverket og elektrisitetsverket er oppretta for at alle utan unntakt "skal få". Slik var det med den tingen, straum og telefon skulle ut til alle.

Det har skjedd eit skifte frå eit heilskapleg samfunnsansvar som hadde elektrisitet og telefon til alle som ei sjølvskriven oppgåve. No gjeld marknads- og forretningsøkonomi, også i offentlege tenester. Det er sjølvsagt ikkje Tussa aleine som er skuld i dette omslaget, men på ein eller annan måte har politikken mjukna og glide bort frå ansvaret sitt og blitt oppslukt av pengemåten å tenkje på.

Ein direktør kan svare heilt korrekt, og samtidig gir han ein heilt korrekt illustrasjon av at ingen lenger synest å vite kva solidaritet og ansvar overfor innbygjarane skulle ha å seie.