Hos oss har det vore stille, ,men eg skal innrømme at det berre er no siste dagane eg har forbarma meg over dei. I stad var her to spurvar som forsynte seg grådig av neket som vi kjøpte med idrettslaget, elles er det ikkje nokon som har tort seg til.

 

mat

 

Bildet er litt mørkt, men det syner ein automat med solsikker, meisebollar og ein innhola stokk med talg.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

No har eg høyrt kjøttmeisene oppe i granene som sit og diskuterar om dei skal driste seg ned og ta seg ein bit. Eg og Aleth ventar no i spenning på besøk på "fuglebrettet". I fjor hadde vi mange gjestar, blandt anna ein Svarttrast, men den er søkk vekke no, spørs om han var eit av offera for fugleinfluensa.

Er det nokon som har fleire fuglar å skryte av enn oss? Er det lite småfugl i år? Kanskje noken har fine bilete frå fuglebrettet?