Blekket på "Ferdigstilling av nasjonale laksevassdrag og fjordar" frå Miljøverndpt. var knapt tørt før Ørsta kommune presenterer sine naive vyer for laksoppdrett i Hj.fjorden. (Kystsoneplanen)
"I kystsoneplanen går det fram at det ikkje er ynskjeleg(ikkje forbode!) med meir laksoppdrett enn det er i dag." (Sitat)
Gjev det var så vel! Det har nemleg vore forbod mot laksoppdrett i Hjørundfjorden i påvente av om fjorden vart nasjonalfjord.
Men kvifor legg då kystsoneplanen opp til oppdrett heilt inn til Standal/Trandal? ("Vesentleg utviding ved Trandal.") Og ein lokalitet ved Viddal.
I Hj.fjorden har det tidlegare vore "flørta" med laksoppdrett. Med ei forsøpling frå anlegg på Bjørke/Viddal og Trandal som resultat. Desse anlegga er avvikla, men lokalitetane ligg fast, ifølgje kommuna. Med høve til utviding!
Tør eg minne om dei 30 000 laks som rømde frå anlegget på Trandal i 1989?
Skjelprøver eg tok for Direktoratet for Nat.forv. synte innslag av oppdrettslaks i Bondalselva på bortimot 40% på hausten i åra med oppdrett!
Etter avvikling av desse anlegga gjekk innslaget av oppdrettslaks dramatisk ned. Treng eg seie noko meir?
Eg oppmodar alle i Hjørundfjorden som skal uttale seg om høyringsutkastet, og som ynskjer ein frisk fjord med vitale villaksstammer om følgjande: Gå imot kommuna sitt forslag om laksoppdrett i Hjørundfjorden! Forlang ein fjord fri for oppdrett!
Lat oss prioritere miljø og trivnad for fastbuande og turistar, samt framtidige generasjonar.
Turisme i vakre Hjørundfjorden er framtida med tanke på busetnad og arbeidsplassar.
Gjev vi oppdrettsnæringa "lissje-fingeren," vil dei  i framtida take heile handa.
Dette er ei sak som alle gode krefter i Hjørundfjorden bør stå samla om. Ei heilt konkret og viktig  sak som Mobilisering for Hj.fjorden/Portalen kan fronte!
Fjorden fekk ikkje nasjonal status. No er det imidlertid høve for alle og einkvar å kome på bana slik at vi kan stå mot presset frå oppdrettsnæringa og kapitalinteresser som er etablerte andre stadar enn i Hjørundfjorden.
Lat ikkje Hj.fjorden verte ei mjølkeku der verdiar vert fjerna og ikkje lagde att!