Ein del av æra for det tilfell vel bygdeutviklings programmet ,der Ivar Mo har gjordt ein imponerande innsats. I år var det vel ikkje vanskeleg å finna verdig kandidat til tittelen årets Bondaling, hjarteleg til lukke med velfortent heider Ivar.

No ein dag som eg slo på radioen høyrde eg eit opptak der Erik Bye song med fynd og kraft Petter Dass salmen " Herre Gud ditt dyre namn og Ære ---" etterpå opplyste dei at melodien var frå Ørsta. Høyrt slikt, det må vel vera måte på å prøve å utslette Hjørundfjord namnet i alle samanhangar, helst burde dei seie Ytre Standal ,kanskje Hjørundfjorden , men Ørsta NEI kva skal slikt vera for,kvifor ikkje vera litt meir presise. Hjørundfjorden er svert lett å finne på alle kart, lettare enn Ørsta, då vil dei fort finna fram til både Slogen og alle desse andre Hjørundfjord namna , som no er ein del av storkomunen Ørsta.
Eg vil oppmode rette vedkomande om å taka kontakt med NRK ,og andre media , å be dei om å vera  meir presise her.

Det var interessant å sjå utkastet til ny regulerings-plan for Sæbø sentrum.
Det er fint at det vert ein ny debatt om temaet,kanskje er det bra for Sæbø at ting har stade så godt som stille,elles kunne det kanskje ha gått verre, men det er tydeleg å sjå at dette berre må vera eit " provoserande " utkast for å få folk til å engasjera seg. Slik sett er det positivt, men skal Hjørundfjorden satsast på som ein atraktiv stad for turistar,og fastbuande, må ein også taka konsekvensen av det og prøve mest mogeleg å taka vare på det serpreget som måtte vera att , og prioritera eit mest mogeleg gjenomført triveleg miljø.
Å tildømes barbere burt meir av gamle Prestegards-hagen er etter mi meining det motsette.
Me må berre vedgå at turisme som næring er det liten tradisjon for her,difor vil eg gjera meg så fri å råde dykk til å taka dykk god tid for å få til best mogelege løysingar . Ein eller helst fleire burde reisa turar rundt i inn og utland for å sjå korleis dei har gjordt det andre stadar, vellukka og mindre vellukka.
Men då vil eg leggja til at ,  det aller  meste av det som har skjedd hit til , er svert positivt og er steg i rett lei, må eg ha lov til å synast.

Som utflytta burde eg kanskje ikkje korkje ha talerett eller synse om det som skjer der oppe no, men naturen kan av og til vinna over fornuften.Dei som ikkje bryr seg om å lesa dette kan no late vere.

Eg må seie at eg er noko uroa over ein del av ideane / planane /som er i emning.
Skal ein satse på Hjørundfjorden,  bør ein etter mi meinig byggja på det spesielle som fjorden har å by på,det ekte og opphavelege , På ei stor messe i Essen høyrde eg eine tyske talaren etter den andre som la vekt på nettop det. Ikkje minst vart ro og stille lagt stor vekt på.Det som trengst er oftast berre ei litt varsam tilrettelegging og så taka vare på de som de har.

Då må det vel vera " burt i hampen " å ikkje prioritera Bondalselva svert høgt.
Her gjer Helge Strand ein kjempeinnsats .Eg vil STERKT OPPMODA POLITIKARANE I ØRSTA KOMUNE Å LESA GRUNDIGT DET HAN SKRIV OG FYLGJA RÅDA HANS. Kvifor slik hast med å spela Russisk rulett med noko så uerstatteleg som ei av dei beste lakseelvane i landet  ( i alle fall var ho det ei tid )
Det er lett her å gjera uoppretteleg skade , som framtidige generasjonar med god grunn kan klandra dykk for. Lat elva leve.

I prestegarden vaks det opp ein gut som vart eit verdskjent namn ,min barndoms -ven Knut Skram.
Mangt kunne seiast om dette temaet, men dette er noko som burde takast tak i. I samband med bygginga av det største kulturbygget i Noreg i vår tid , det nye operabygget i Bjørvika, fløymer det ei bylgje av opera-interesse over landet som aldri før, kvifor ikkje prøve å ri litt på denne bylgja å gjera noko ut av Knut Skram namnet også i Hjørundfjorden ?

Eg må vedgå at eg ikkje fylgjer med nok i Hjørundfjord-portalen, men det slær meg at det er så fåe frå andre deler av fjorden enn Bondalen som er frampå, har eg rett ?
i tilfelle , så vil eg oppmode dei inne frå Nordangsfjorden ,Storefjorden og andre mindre grender om å kasta seg meir fram på.

Takk for spalteplass, dersom eg ikkje vert sensurert burt då .

Sigmund Årseth.