Tida går fort, for det er allereide snart 6 år sidan. Tysdag i påskeveka, den 10.april gjekk eg og 11ungdommar frå Kvanndalen.

 

    Ivar Osvoll først 

 Ivar Osvoll fører an. Vatnevatnet og Bondalseidet i bakgrunnen      

 

I det nydelege veret gjekk det lett opp mot Tua. Vi gjekk som vanleg langs kanten mot Rognestøyldalen, og heldt litt avstand, då det oftast er ein hengeskavl det mesteav vegen.

Det er ein bratt kneik før det flatar ut mot Grøthornet, så ein må ta nokre bautar, men så er det verste gjort, og ein er oppå ryggen. Det er lurt å behalde fellane heile vegen, då der er ein del opp og ned.

 

Pause

Pause før siste etappe. Frode Holen, Thomas Hame, og Jørund Walseth,nærast kamera.

 

 

Dukhornet, Jolhornet, og Rognestøylen

Utsikt innover mot Rognestøylen. Dukhornet til venstre og Jolhornet til høgre.

Ein kan lure på kva livet ville vere uten ski!

Skiene set ein frå seg heilt fram under Solskinshatten. Så er det å bruke føtene det siste bratte stykket opp til toppen. (Det mest brukte namnet er Lissjetinden), men eg synest det er så fint med Solskinshatten. Det er siste staden kveldsola skin før ho glader.

 

Varden på Solskinnshatten

Lite plass ved varden på Solskinshatten. Men fint å sitte der fotografen står.

Etter ein lang pause på toppen, står det kjekkaste att. I alle fall denne turen. Sola når ikkje så godt tak i snøen her, så det var puddersnø. Sjølv ein "gamling" får trua på telemark under slike forhold.

Eg vil likevel åtvare mot fare for snøras i det same ein renn utfor den vesle skavlen og prøver å halde god høgde mot nedkøyringa til Tveradalen. Er ein usikker, renn ein og ein.

Men denne dagen er det ingen fare! Eg kan knapt hugse meir nydelege forhold.

 

DSC00028

Solskinshatten sett frå Rognestøylen. Her ser ein kvifor ein må halde god høgde frå kanten til høgre for toppen, renne nesten vassrett til venstre, over den trekanta hammaren og inn mot Tveradalen, heilt til venstre  i biletet

 

kor det svingar!

Her er heile gjengen på veg ned mot Tveradalsvatnet i nydeleg puddersnø.

Så er det ned Tveradalen. Det gjeld å halde seg høgt på høgre sida for å unngå gjølet ned mot det nedste vatnet.

Så står den brattaste kneika att. Moro for spesialistane. Og ikkje uoverkomeleg for amatørar. Snart er ein i bjørkekrattet, og det er fint å renne slakt ned mot elva.

I snøsmeltinga kan elva vere ei utfordring. Men fortvil ikkje. Skråar du innover i tide mot Lissjevatnet, Så har vi bygd bru over Oksehølen. Rett nok uten rekkverk endå. Farleg djupt ved brua. Dette er ein omveg, men kan av og til vere nødvendig.

 

 

 

Ettter endt tur.Avslapping på Risestøylen

No er turen unnagort, og vi kviler i solveggen på Risestøylen. 

Eg hugsar kven mange av karane var, men ikkje alle. Det einaste eg hadde skrive i dagboka mi var at eg hadde med 11 stk, men var vi verkeleg så mange?

I fjor vinter i januar, gjekk Lars Petter og eg denne turen. Det var lite snø, og eg hadde carvingski og plastsko for første gong. Då var eg bra" stygge i augene "når eg for utfor skavlen, og starta nedkøyringa, sa Lars Petter. Men det gjekk bra då også.Men det var så vidt vi kom oss heim i Sledalen før det mørkna.

 Det er no kjekkast om våren i "solskjena". Og skal eg overnatte på setra til neste dag smakar det eeeeeekstra godt med ei pils. pilka opp frå "tissemannen" som Martha, Marie og Hallvard kallar springvatnet vårt ved elva. 

 Her leikar Martha og Marie ved "tissemannen". Spelandes godt oppkomevatn!

557 bilde 258

God tur, men bruk vitet. Og er det spørsmål i samband med turen, så berre spør!

 

   ARTIKKELEN VEKS STADIG! Her ser du "pionerane".Første gangspionerar.

Bak frå venstre: Oddvar Olsen, Terje , Ole og Frode Stokke. 

Kneståande: Magne og Knut Riise. 

 Bilete er teke på Tua med sjølvutløysar. Bondalen i  bakgrunnen.                                            

Eg vart nysjerrig på kva tid eg gjekk første gongen, og på kven eg fekk med meg.

Ved hjelp av dagbok og album gjekk det greidt. Det var 30. april 1995. Det året vi mista han Kjetil. Eg måtte finne på eit kvart heile tida for å få eit pusterom frå alle tårene.

Å kome seg til fjells i lag med vener var ei fantastisk hjelp. Eg veit knapt at eg har vore så aktiv i heile mitt liv. Eg har mykje å takke fjellysta mi for!

Det eg hugsar best frå turen, er Oddvar som var skeptisk til heile turen, utrena som han var med ski. Men på dei gamle skiene til Simen gjekk det flott!

 Han har seinare vore med minst ein gong til. Det har dei andre på biletet også.

 

                                        Knut Riise.