Hjørundfjorden

Kystsoneplanen gjev føringar for bruken av areala langs fjøra i Hjørundfjorden. På Hustadneset (t.h.) er det foreslått hytteområde/areal for reiseliv)

Høyringa vil etter vedtak verte kunngjort i Møre-Nytt og Sunnmørsposten. Hjørundfjordportalen vil kunngjere når høyringa startar, så snart vi ser desse annonsane.

I vedtaket om høyring heiter det også at kommunen skal arrangere opne dagar kring om i Ørsta kommune. På desse opne dagane vil folk kommunen sine folk orientere om planen, og folk vil få høve til å stille spørsmål, og kome med kommentarar.

Når det gjeld merknader til planen, må dei leverast skriftleg.

Det er ikkje avgjort kvar desse opne dagane vert i Hjørundfjorden, men på formannskapsmøtet tysdag vart Urke og Sæbø nemnd som aktuelle stader.

Planen vert lagt ut på rådhuset. I tillegg vert han lagt ut på Ørsta kommune si heimeside på Internettet, der folk kan laste planen ned gratis (hjorundfjord.no kan gje opp ein link til denne sida når ho er klar, viss det er ynskjeleg). Vidare vil alle som vender seg til kommunen, få eit eksemplar tilsendt.  

Kva er så kystsoneplanen? 

Det er ein arealplan som tek føre seg heile kommunen si kystline frå Steinnes mot grensa til Volda og til Gjeveneset, som er grensa mot Sykkylven kommune. Avgrensinga av landområda er hundre meter frå sjøen, eller til nærmaste offentlege veg. Unnatake frå kystsoneplanen er dei stadene som alt har ein reguleringsplan. Det gjeld m.a. Sæbø sentrum og deler av Bjørke – og dessutan Standal der det no vert utarbeidd ein reguleringsplan.

Planen tek vidare for seg sjøområda, og definerer plassar for oppdrett, hjortetrekk, fiskeplassar osb. Kystsoneplanen gjev på landareala føringar for kva som skal vere byggjeområde, kva som skal vere friluftsområde, verneområde, landbruk osb. Planen er veldig detaljert, og tek føre seg mest einaste grend og bygd i Hjørundfjorden.  

Planutvalet (formannskapet) si handsaming gav det resultatet at det vert opna for noko meir utbygging av hytter, bustader og naust enn det som opphavleg var forslaget frå rådmannen. 

Jobb januar 107

Oppdrettsanlegg, som dette ved Rjåneset, vert det gjeve plass til i ytre del av Hjørundfjorden.

Når det gjeld oppdrett, seier forslaget frå planutvalet at det for Hjørundfjorden sin del skal vere ei grense mellom Trandal og Høydalsneset (ca. 2  km sør for Standal). Innanfor denne grensa skal ikkje oppdrett tillatast. Her er det to unnatak. Det er det landbaserte smoltanlegget på Urke, og eit område for matfisk (torsk) ved Viddal. 

Utanfor grensa er det fleire lokalitetar i sjøen for matfiskanlegg, pluss det landbaserte anlegget på Ytre Standal. I planen vert det sagt at nye anlegg bør vere på marine fiskeslag (det vil i praksis seie torsk). Likevel er ikkje dette juridisk bindande. Det einaste som er juridisk bindande er sjølve arealutnyttinga.

I formannskapet vart det forklart at det er Fiskeridirektoratet som har all makt som konsesjonsgjevar, og så lenge det er gjeve rom for lokalitetar, er det opptil Fiskeridirektoratet å avgjere kven og kva som skal få konsesjon på desse lokalitetane. 

I Møre-Nytt torsdag er det meir informasjon om saka, og om debatten som var.