Den middelaldrande garde hugsar sikkert dei kvite t-skjortene med påskrifta “Kaule på Sæbø” for nokre tiår tilbake. Dette var eit salsstunt i høve Hjørundfjorddagane ein gong på 80-talet. Salet den gong stod ikkje akkurat i stil med antal innkjøpte t-skjorter, og restlageret hamna fort på mørkeloftet på klubbhuset på Sæbø. Mange år seinare fekk desse t-skjortene kultstatus blant delar av Sæbø-ungdommen, og no er ei ”Kaule på Sæbø”-t-skjorte nesten umogleg å oppdrive frå det opprinnelege partiet.  

Det er defor gledeleg i denne artikkelen å kunne presentere eit nytt utval plagg som har kome i kjølvatnet av dei legendariske t-skjortene. Nokre eldsjeler med Jon Arne Steinsvik i spissen fekk tinga inn desse flotte trusene som er veleigna både sumar og vinterstid, og ikkje minst til mørke haustkveldar... 

Steinsvik kan fortelje at førsteleveransen av trusene gjekk fort ut, men er interessa stor nok kan kanskje fleire tingast. Steinsvik legg også til at kvaliteten på trusene er særs god.

kaule1
Flotte truser i to variantar.

kaule2
- Sputnik, tak deg ein bolle!

kaule3
Slett ingen bakdel. Legg merke til det flotte snittet.

Som vi ser er det fleire måtar å marknadsføre Sæbø og Hjørundfjorden på. Det neste ”skrittet” kan til dømes vere ein trusestand på årets Hjørundfjorddagar, eventuelt ein catwalk på scena.