Det er behov for bilete av folk i aktivitet til den nye Hjørundfjord-brosjyren. Slik at dette biletet berre hadde vore aktuelt viss Helge Strand, Thomas Hustad og Johan Riise vart knipsa medan dei hengde opp turrfisken.

Brosjyren skal fokusere på opplevingstilboda i Hjørundfjorden. Det vil seie overnattingsstader og serveringsstader, pluss aktivitetar folk kan ta del i. Brosjyren vil også verte knytt opp mot Hjørundfjordportalen, slik at opplevingstilboda vil få ein synlegare plass her på sida etter kvart.

 

Arbeidsgruppa treng altså hjelp til eit slagord.Oppleving er eit sentralt ord, kanskje også aktivitet. Folk må vere kreative, og kome med forslag. Eit slikt slagord bør ikkje ha meir enn tre ord.

Når det gjeld bilete, finst det masse av naturskjøne omgjevnader. Det er ikkje dei bileta arbeidsgruppa er på jakt etter, men bileta av folk i aktivitet. Ein må sjå glade fjes, anten dei fiskar i elvane, på sjøen, går på turar til topps eller i dalar, eller står på ski. Gode styggeversbilete er også mangelvare,

Hjørundfjordportalen premierer det beste slagordet med den nye t-skjorta, når ho vert klar på vårparten. Når det gjeld bileta, vil desse verte honorerte i tråd med standardsatsar.

Folk kan kome med forslag til slagord til Ivar Svein Mo, og også tipse han om eventuelle bilete. Det er noko hast med å få til brosjyren, slik at fristen for tips er fredag 12. januar.