Desse planane får meg til å stille følgjande spørsmål: Blir det betre å bu på Sæbø med ferjekaia som næraste nabo til badestranda?

Eg budde i Sandvika på Sæbø det første leveåret mitt, og har sterke familieband til plassen. Sidan 1969 har eg og familien min tilbrakt både påske- og sommarferiane der, og minna er mange og gode.

Eg forstår at mitt behov for eit roleg ferieparadis ikkje nødvendigvis er samanfallande med draumane og behova til dei fastbuande. Men eg trur likevel at mange av feriefolket sine ønske om eit godt bumiljø vil vere like aktuelle for dei som bur på Sæbø heile året.

Det er sjølvsagt litt vemodig å konstatere at eg og familien min, etter 5 generasjonar, må gi opp dette ferieparadiset vårt, dersom dei ovanfor nemnde visjonane vert sette ut i livet. Om eg såg at dette var den beste og einaste løysinga for lokalbefolkninga, ville det være lettare for oss å pakke saman. Men sidan eg, på eit generelt grunnlag, meiner at dei presenterte planane er dårlege og langt på veg miljøfientlege, tillet eg meg å kome med nokre komentarar.

Om ein har nokre titals millionar kroner til å flytte ei ferjekai, er det då ein god idé å bruke desse pengane til å legge gjennomgangstrafikken gjennom HEILE sentrum?

I Sandvika har vi gleda av å sjå reine folkevandringa ut til badestranda om sommaren, når veret tillet det. Då kjem fastbuande og tilreisande med mat og drikke og slår seg ned heile dagane. Ungane ligg og plaskar ut i sjøen, på luftmadrasser, i plastbåtar og sym ut til flytebrygga. Mykje av denne aktiviteten går føre seg i det som vil bli traseen til ferja etter dei nemnde planane. Eg vil tru at denne idyllen blir sterkt forringa når foreldra må sitte på næler og rope på ungane sine om å halde seg unna dei skumle straumane frå ein båtpropell i revers, i det farga legg ut frå land? Heller ikkje støyen og dieselrøyken er noko miljøbevisste brukarar ønskjer på ein bade- og soleplass.

Sæbø er ein av dei få tettstadane på Vestlandet som har tatt vare på badestranda nær sentrum. Og ikkje har eg høyrt om sterke næringsinteresser heller, som skulle rettferdiggjere at ein slik idyll vert øydelagd?

For ikkje lenge sidan registrerte eg at representantar for innbyggarane i Hjørundfjorden var skuffa over ein kommunal plan som ikkje hadde teke nok omsyn til turismen i Hjørundfjorden. Skal ein stimulere til vekst for denne næringa, må ein vere flink til å verne om dei kvalitetane som både innbyggjarane og dei tilreisande set pris på og som såleis er med på å skape eit triveleg miljø. Den gamle naustrekkja er eit slikt miljøelement som fungerer godt saman med bruken av fjøra til bading og annan rekreasjon.

Men om ferjekaia skal flyttast, bør ein vel heller sjå på løysingar som reduserer trafikken i sentrum og ikkje slike som verkar motsett? Kva med å bruke plassen rett utanfor, eller bak Bellingen? Det ville stimulere handelen og ein får oppstillingsplassen vekk frå vegen. Det gamle Samvirke er ikkje akkurat noko arkitektonisk perle. Den bygninga kunne kanskje vike? Denne løysinga ville ha spart bebuarane frå bankbygget og heilt ut til badestranda for støy og trafikk.

Eg går utifrå at dei fleste ynskjer å ha ferjetrafikken via sentrum. Elles ville det vel ha vore meir kostnadseffektivt å flytte ferjekaia ut på Hustadneset? Ulempa med ei slik løysing ville vere at skuleelevar og kyrkjegjengarar frå Norangsfjorden måtte ha hatt bilskyss til og frå ferja. Men det momentet som kanskje gjer meg mest oppgitt, er at ein ynskjer å fjerne prestegardsmuren og deler av hagen. I vår tid er det god reguleringspraksis å ta vare på det gamle og miljøskapande når saneringbehovet ikkje er sterkare enn i dette høvet? Eg trur også dei fastbuande vil få nye plager med ei slik «asfaltløysing». Betre sikt og breiare veg fører som regel til høgare fart, trass i låg fartsgrense.

Hjørundfjorden er ei fantastisk perle. Eit vakrare landskap finst neppe! Som ein del av framtidsvisjonane ville eg ha vektlagt turisme. Det kan skape nye arbeidsplassar og sikre vekst for lokalbefolkninga. Då må ein finne løysingar som gjer kvardagen praktisk for dei innfødde, men samstundes tek vare på roen. M.a.o. skåne ei fin badestrand og behalde ein fin gammal hage. Og ja, både turistar og lokalbefolkninga vil nok sette stor pris på ei strandpromenade langs sjøen.