Bygd 

 Bak f.v. Randi Ledaal Gjertsen (4H), Hege Henriksen Kvande (4H), Ingvild Tillerbakk (NBU), Frøydis Barstad (NBU), Åge Avedal (NU). Framme f.v. Marit Jacobsen (NU), Ingunn Flølo (NBU), Gunhild Berge Stang (NU), Ida Marie Holmin (NU). (Foto: Trine Smestad)

Norges Bygdeungdomslag, Norske 4H, Norsk Frilynt Ungdomsforbund og Noregs Ungdomslag går til kamp for felles saker. - Vi vil ha eit tydelegare kulturfokus og i distriktspolitikken og eit tydelegare distriktsfokus i kulturpolitikken, fortel Gunhild Berge Stang, leiar i Noregs Ungdomslag.

Ungdomskultur på bygdene er ei kjernesak for dei fire organisasjonane. Spennande og mangfaldige bygdesamfunn, lokale kulturhus, amatørteater og eigenaktivitet er sentrale fellesnemnarar. 

 

- Dette er saker som lett fell gjennom på den politiske dagsorden, meiner dei fire organisasjonane. Derfor vil dei danne ein koalisjon i kulturlandskapet.