Seinast i romjula arbeidde selskapet Tussa Netway med å få på plass Tussa Breiband i Skjåstaddalen og på Bjørke. Og no skal det meste vere i orden.

- Det har rett nok vore ein del problem med breibandtilknytinga, men no ser det ut til å fungere.  Tussa lovde at Tussa Breiband skulle kunne brukast inntil fire kilometer frå sentralen, men no fungerer dette breibandet heilt fram til Skjåstad.  Avstanden dit er  seks kilometer.  Det er ein av dei nye brukarane  av Tussa Breiband,  Per Arne Saure, som seier dette til hjorundfjord.no.

Birken0004

Også Bjørke skule kan glede seg over breibandutbygginga i området.  Dermed får rektor Tor Erik Bogen (foto) høve til å gje elevane på skulen ei betre IT-undervisning. I tillegg vert det lettare for han å halde seg oppdatert om t.d. Birkebeinerrennet den 17. mars.

- Diverre får ikkje Viddal breibandtilknyting i denne omgang, men Tussa skal snart ta til med kraftutbygging der.  Då vert det vel  breiband også på Viddal, avsluttar Per Arne Saure. 

Kanskje kan hjorundfjord.no få ein liten kommentar under til denne saka frå ein ny brukar på Bjørke eller i Skjåstaddalen - nærast som ein test?