Det er no snart 7 år sidan (mars 2000) Kvieselet, som syster mi Anita bygde i 1990, vart råka av eit enormt snøskred frå Kvistadsida. Trist at dette flotte selet, som var bygd på dei gamle murane berre fekk stå i 10 år. Familien har seinare bygd oppatt Kvieselet, men flytta det litt , slik at det no står nærare dei andre sela på Årsetsetra.

I dette snøskredet vart både selet og det meste av inventaret øydelagt, men utruleg nok var hytteboka like heil. I denne hytteboka stod det ei lita historie om ei fiskestong som eg skreiv i juli 1990 like etter at selet stod ferdig. Eg hadde nyleg flytta til austlandet, og såg selet fiks ferdig innvendig for fyrste gong. Delar av historia om denne fiskestonga ber preg av at eg er nyforelska. Forelska i ei jente, men også forelska i Årsetsetra, forelska i Kvistaddalen, forelska i den vakre naturen i Hjørundfjord !

 Mot langhornet

Utsikt mot Vasstøylen og Langhornet. 

 

Frå hytteboka, mandag kveld 16 juli 1990

Eg tok meg ein tur åleine til Årsetsetra denne fine sommarkvelden, hovudsakleg for å sjå det nye selet til Anita innvendig, men også for å fiske i Årsetelva og nyte den vakre kvelden og naturen.Eg vart skikkeleg imponert då eg kom innanfor døra. Her var det rett koseleg, med flott bord, nylaga senger, ein fin kjøkkenkrok og koselege gardiner på alle vindauge. Sjølvsagt var her parafinlampar som det seg hør og bør på eit ekte norsk sel. Gratulerer Anita !

Då eg hadde ”imponert frå meg” tenkte eg at det var på tide å prøve fiskelukka. Optimistisk som eg var hadde eg ikkje teke med meg makk. Fiskestong visste eg at her var. Eg tenkte at det var berre å lette på ein stein her og ei torv der, så hadde eg makk nok til mange feite, fine steikbare kreder. Men dengong ei ! Eg leitte i det vide og det breie, men utan resultat. Såra og vonbroten måtte eg berre gi meg etter ei god stund, der både spade og greip hadde vore nytta til å finne desse små ekle krypa !

Mot Årsethornet

Utsikt mot Årsethornet. 

 

Eg satte meg ned utanfor selet og tenkte, ja, ja så vart det ikkje nysteikte kreder til kvelds. Eg kika på det flotte selet, dei vakre fjella rundt meg, berre lyden frå elva.  Skitt tenkte eg, fiskestonga var no likevel både lita og krokete, det var no vel ikkje noko å fiske med. Då slo det brått som lynet ned i meg, dette må det gjerast noko med. Det går ikkje an at det på eit slikt flott sel, skal stå ei ussel og krokete fiskestong utanfor. Med stor iver og nytt pågangsmot etter den skrale makkfangsten, leitte eg fram øks og samekniv. Her skulle det lagast ei skikkeleg fiskestong ! Med øksa i eine handa og samekniven i den andre bar det til skogs for å finne eit skikkeleg fiskestong-emne. Eg leitte både lenge og vel, utan å verte nøgd. Anten var emna for tjukke, smale, små, krokete, visne eller rett og slett alt på ein gong. Eg var nær ved å gje opp då eg som fisken for agnet bråstogga,  kunne det være sant; Framføre meg stod ei ung nydeleg og rak rognebærbusk. Ho var vakker og spenstig som berre ei ung seterjente kan være. Eg vart nærast som bergteken der eg stod. Med omsorg og varsemd som ein nyforelska dreng hogg eg ho ned og bar ho med kjærleik til selet.”Me” satte oss ned utanfor selet, og eg spikka på ho med omsorgsfulle never. Då eg var ferdig var den unge rognebærbuska forvandla til den vakraste fiskestong eg nokon gong hadde sett, for ho var mi !  Før eg for heim lovde eg ho på tru og ære at eg skulle ta med flunkande nytt snøre og nye krokar neste gong eg kom inn i dalen. Lukkeleg for eg heimatt med visse om at neste gong eg for til seters var det ei vakker fiskestong som venta trufast på meg, og då skulle det bli nysteikte kreder i steikepanna. Snipp, snapp, snute…Helsing Alf Ole 

Årsetsetra

Årsetsetra slik den står i dag; Kvieselet øverst, Hauaselet i midten og Bårselet nederst. 

 

Alle som går i fjellet veit at det er balsam for kroppen, og ein hentar ny energi i den reine lufta og opplevingane Hjørundfjordnaturen gir. Som ”austlending” i snart 17 år har eg sjølvsagt ikkje gløymt dette. Å kome inn på setra, der ein også har eit strålande utgangspunkt for fleire flotte fjellturar,  t.d  Skårasalen, Kvamsedalen og Årsethornet, er naturoppleving på øverste hylle. Berre det å fiske ein sommarkveld i Årsetelva, nesten utan lydar rundt deg gir påfyll av energi som vanskeleg let seg beskrive. Men finn du deg ein høl som berre få kjenner til, mellom Årsetsetra og Vasstøylen ein stad, og kan sitje der med ei vakker sjølvlaga fiskestong på fanget, ei fiskestong som berre er di, ja då vert idyllen endå større.