Sæbø 5/12/06

Vi viser til tidlegare samtalar vedr. laurdagsrute Sæbø-Ørsta som vart lagt ned 1/5-06.

Sæbø grendalag har protestert sterkt på nedlegginga. Bussrutene er ein umåteleg viktig livsnerve for bygda vår, og gjer det mogleg for folk utan bil å busetje seg på bygdene. Søndagsruta – som vart fjerna tidlegare – gjorde at ungdomane som bur på hybel for å gå på skule kunne reise heim i helgane. No er dei avhengige av biltransport. Laurdagsruta transporterte også medisin til apotekutsal og til Hjørundfjordheimen, og vi slapp å køyre sjuke til Ørsta for å hente medisin.

Vi har forstått det slik at ruta vart kutta fordi fylket kutta løyvingar til bygderuter. Samstundes løyver fylket kr 200.000,- til Hjørundfjorden bygdemobilisering for å hindre folketalsnedgang og fråflytting. Dette finn vi merkeleg. Her gir ein med eine handa for å gjere bygdene livskraftige og veksande, samstundes tar ein med andre handa og kuttar bussruter ein for ein.

Det siste halvåret har bygdemobiliseringa arbeidd med å skape eit godt fundament for vidare satsing i Hjørundfjorden. Det har handla om å skape positivitet, optimisme og bygging av identitet.

Som eit konkret tiltak søkjer Sæbø Grendalag og Hjørundfjorden bygdemobilisering om at Fjord 1 Buss Møre set i drift att laurdagsruta og søndagsruta frå 01/05/07. Vi ber og om at de drøfter rutetidene med bygdefolket. Fleire seier dei ikkje brukte laurdagsruta fordi ein berre hadde 1,5 time i Ørsta før bussen gjekk heimover igjen. Det er for lite for mange, ikkje minst med auka tal butikkar og utvida opningstider i Ørsta. Søndagsruta må og ha avgangar som ikkje er for seine på kvelden, ungdomen må kome fram til hyblar i Ålesund og øyane før det blir midnatt. Med betre rutetider trur vi at fleire vil bruke bussane meir.

Vi håper på positiv respons på søknaden, og ser fram til å arbeide saman med Fjord 1 Buss Møre og fylkespolitikarane i Møre og Romsdal om det vi er overtydde om er eit felles mål: Nemleg å skape vekst, framtidstru og tilbakeflytting til Hjørundfjorden.

Med helsing

 

Hilde Muren                         Ivar Svein Mo

Sæbø Grendalag                     Hjørundfjorden bygdemoblisering