I dag, veslejulaftan,  var siste handledag før jul.  Julegåvene har nok i vore i hus fleire dagar allereie – i alle høve hos jentene/kvinnene - men matvarene, ferskvarene, ja, dei vart av mange kjøpt inn i dag.  Bente Stokke handla også inn kolonialvarer til familien i føremiddag.  Ho handla hos J. Slettedal A/S – Joker - på Sæbø.  – Berre sunne matvarer hos oss i jula, sa Bente med glimt i augo og la ein pose gulrøter på disken til Gunnhild.

IMG_3852

- Berre sunne matvarer i P-garden på Stokke i jula, seier Bente Stokke med glimt i augo.

 

Desse førjulsdagane har vore travle for Gunnhild og Torbjørn Slettedal, eigarane av butikken.  Dei ser difor fram til eit par-tre fridagar frå butikken ikkje minst for å vere saman med resten av familien.

Er du nøgd med julehandelen, Torbjørn? 

- Vi har nok ein liten tilbakegang i julehandelen i høve til i fjor, fortel Torbjørn til hjorundfjord.no.  Opninga av det nye kjøpesenteret i Ørsta reduserte nok handelen hos oss. Det same opplevde kollegaer på Vartdalstranda, seier Torbjørn vidare. Men er snar med å legge til at i det siste har i alle høve ein del av kundane  kome tilbake.

 

- Forresten, seier Torbjørn, hadde vi hatt like stor framgang som Hjørundfjordportalen hadde vi vore godt nøgde.   Seinast i går mottok Gunnhild og han melding frå ein familie i Tyskland som er nærast daglege brukarar av hjorundfjord.no.

 

Før vi går ut døra ber Gunnhild og Torbjørn oss så mykje om å ynskje kundane deira  god jul.  Og skulle nokon gå tome for mat eller drikke, ja, så har Joker ope frå 3. juledag.