LIve

hjorundfjord.no har benka seg utanfor Strands Bakeri. Einar Tvergrov er første gjest.

 

 

LIve 001

Her er Liv Stokke med familie på bakeriet.

Hjørundfjord.no møtte Liv Stokke med familie på bakeriet. Dei var ute etter julekaker, for dei hadde høyrt om den gode smaken heilt til Oslo.

 

LIve 002

Thomas Hustad fiksar straum til hjorundfjord.no.

 

Det var spørsmål om temperaturen. Ann Helene Urkegjerde og Aleksander Riise Olsen tippar det er seks til sju grader.

 

LIve 003

Alexander Riise Olsen synest det er topp på Sæbø.

Bakeriet har kaffi, men vi fiksar også kakao viss det er om å gjere.

LIve 004

Ein paraglidar er over Sæbø.

 

LIve 009

Per Myrhol, Otto Frøland og Kjell Frøland slappar av på børsen på Bellingen.

 

Vi har oppdaga at Tussa si trådlaussone er noko ustabil. Kjære Tussa, sjekk dette, for det kan ikkje vere slik at folk i ferjekøa risikerer ikkje å få kontakt den korte tida dei står i ferjekø.

 

LIve 006

Ferja kjem med jamne mellomrom.

 

LIve 008

Nokon må også arbeide på ein laurdag.

LIve 011

På Slettedalshjørnet. Lars Kjell Stokke, Malvin Holen og Torbjørn Slettedal.

LIve 010

Gunnhild Slettedal slår inn proviant til hjorundfjord.no.

LIve 012

Anna Marie og Rand Maud Mork frå Volda synest skulebollane til bakeriet er nam-nam.

 

Då er klokka 14.00, og hjorundfjord.no avsluttar direktesendinga for denne gong. Kanskje prøver vi tilsvarande ein gong seinare.