- Veit mor di om at du ikkje fekk pinnekjøt til  jul, Mathias?

He, he - det veit eg ikkje. Nei, det vart ikkje  pinnekjøt denne gongen.  Men det vart grilla gris og det er vel heller ikkje så verst?

DSC07547

24.12.06.  Det er jul ombord på M/V "Pipit Arrow" og julegrisen vert grilla.  Mathias(TIA) Riise til høgre.

Vi åt forresten ikkje berre gris til jul.  Kokken serverte også fisk og bacalao.  I det heile må kokken vere ein allsidig matlagar for her er folk frå fleire nasjonar ombord.  Av eit mannskap på 33 er to kroatar, to polakkar, seks indonesarar og 22 filipinarar.  Og i tillegg kjem eg som einaste nordmann. Men det er ikkje folk berre frå ulike land - vi har også ulike religionar.  Vi har både protestantar, katolikkar, ortodokse, muslimar og jehovas vitner ombord.

Men du får vel pinnekjøt på nyttårskvelden?

Kanskje.

Eg veit at du no bur i Volda, men hovudopplæringa di/praksisen fekk du vel på Hjørundfjorden?

Sjølvsagt, men etter kvart har eg vore sjømann i 33 år.  Ser ein bort frå to år som overstyrmann har eg dei siste 20 åra vore skipsførar.

Men har du lært å fiske nodd(torsk) av pappa Johan Riise (Joja)?

He, he, ja eg trur det.  Eg starta sjølivet som fiskar ombord på garnbåt og så har eg gått gradene oppover.

Du er i dag ombord på M/S "Pipit Arrow". Kva slags skip er det?

DSC07544

M/V "Pipit Arrow"

Skipet er eigd av Kristian Gerhard Jebsen Skipsrederi, eit rederi som høyrer til i Bergen. Rederiet er kanskje det største i Noreg og har over 130 skip.

Pipit tyder forrseten songfugl.  M/S "Pipit Arrow" vart bygd i 1974 og er såleis ein veteran.  Skipet er på 39000 DWT, 183 meter langt og 30 meter breitt.  Skipet opererer i ein Pool som heiter Gearbulk.  Poolen er også eigd av familien Jebsen.

LOADING SMUS 43-05 008

Lasting av trelast, Paranagua Brasil.

Og kor er skipet no i verda?

Farta vi går i no er Brasil - USA - Argentina - Brasil.  Vi fraktar trelast, stål og aluminium nordover og potteaske i retur til søramerika.   Denne gongen har vi med oss 25000 mt - mest trelast og kryssfiner.  Snart er vi på høgde med Bermuda og skal til Philadelphia som første hamn.

PIPIT 047

På veg til USA med full dekkslast.

Bermuda, ja.  Det er vel derfor du har Bermudashorts på deg.  Kva går ferda vidare?

Turen går så vidare til Florida, Alabama og Texas.

I jula har eg sett på filmen "Pirates of the Caribbean".  Du passar vel på mannskapet ditt slik at sjørøvarane får lov til å herje?

He, he.  Ja, eg skal gjere mitt beste.  Eg er heller ingen smågut sjølv og enkelte meiner også at eg liknar på ein slik røvar.  Ja, vi skal passe oss.

Eg vil nytte høvet til å ynskje dykk alle -  og spesielt slekt og venner i Hjørundfjorden og ikkje minst  frukostkaffigjengen på Bellingen - eit godt og velsigna nyttår.

Takk så mykje for det.  Og som du veit ynskjer  frukostkaffigjengen på Bellingen også deg og dine eit godt nyttår.  Take care.

Takk for det.