Vêret har ikkje vore det beste i det siste, men sist natt hadde Oddvar Olsen garn ståande ute.  Og fisk vart det - to fine torskar pluss ein lyr.  Men Oddvar var ikkje sikker på om dei andre i familien vart like begeistra som han...

IMG_3866

Oddvar med dei to torskane.  Sjølv Johan Riise meinte dette var fine fiskar.

I desse tider er det ikkje mange på Sæbø som driv med fjordfiske, men Oddvar er altså ein av dei.  Ein annan er Johan Riise.  Også han våga seg utpå for eit par dagar sidan.  Fire torskar - eller noddar som Johan seier - vart resultatet av fisket hans.

IMG_3869

Johan Riise(t.v.) og Oddvar Olsen er ivrige fiskarar på Hjørundfjorden - i alle høve når forholda ligg til rette.

No kjem du Oddvar frå Bømblo, var det tradisjon med torsk til julemiddagen der? 

Nei, slett ikkje, men det var tradisjon for å ete fisk resten av året.  Vi hadde eit par grisar som vi brukte å slakte til jul så vart det i alle høve kjøt til julehøgtida.  Eg hugsar forresten av bestemor brukte å lage leverpostei.  Det var svære greier, fortel Oddvar.  Men lei av fisk er han ikkje.  Han er litt meir usikker på dei to sønene sine..

Tilbake til fisken.  Det er ikkje alle fiskarar som likar å opplyse nøyaktig posisjon for fiskeriet, men Oddvar gjev i alle høve klart svar:  - Det var på Hjørundfjorden, ja.  Men etter det hjorundfjord.no kunne sjå, kom Oddvar frå Leknessida med fangsten.

IMG_3861

Etter det vi kunne sjå, kom Oddvar med fangsten frå Leknessida av fjorden.

 

Når sant skal seiast, hadde underteikna nærast ein avtale med Johan og Oddvar om å få vere med dersom dei skulle fiske før jul, men eg høyrde ikkje ein pip.  No vedgjekk begge to at dei kanskje hadde tenkt å ringe, men så var det det at det...  Sanninga er nok heller at dei var redde for å ta med ein bonde i båten - og sikkert ein med skikkeleg brennesteikjar.

IMG_3870

Her er eit par til som beundrar fangsten.  Jostein Koppen(t.v.) Ole Johan Riise og noddefiskar Johan Riise.