Som mange har fått med seg, har i dag vêret ikkje vore det beste på Vestlandet.  I staden for snø og kulde, har vi hatt sterkt vind og mykje regn.  Regn og vind var det også på Sæbø då julegrana vart tend i ettermiddag.  Om det var vinden som var årsaka til at berre halvparten av pærene lyste etter at straumen var sett på, skal vere usagt, men i alle høve vert nok denne bagatellen retta snarast.  Sjølv om ikkje alt for mange var tilstades under sermonien, spelte likevel Follestaddalen og Bondalen Hornmusikk under dirigent Ulf Kristiansen tre vakre julesongar.

IMG_3852

Ulf Kristiansen dirigerer her Follestaddalen og Bondalen Hornmusikk under tenning av julegrana på Sæbø.

Etter julegrantenninga var arrangerte Sæbø skulekorps og Bondalen hornmusikk julemarknad.  Denne gongen var marknaden på Bondalen grendahus.  - Dette vart gjort av praktiske årsaker, seier leiaren i Sæbø skulekorps, Bodil Skare.  - På grendahuset er det betre plass enn i gymnastikksalen på Sæbø skule  og ikkje minst er kjøkenet på grendahuset  betre på alle måtar enn det ein er vande med ved skulen på Sæbø.

IMG_3855

Tre som fekk med seg julegrantenninga på Sæbø.  Frå venstre Rune Sæbønes, Ole Johan Riise og Rolf Egil Riise.

Frå Sæbø vart det sett opp gratis buss til Bondalen grendahus - og ned igjen etter marknaden.  Om det var det som sikra det gode oppmøtet, er Bodil Skare usikker på, men fleire nytta seg i alle høve av dette tilbodet. 

På julemarknaden spelte Follestaddalen og Bondalen hornmusikk igjen. Sæbø skulekorps spelte under leiing av Brynhild Hovden og aspirantane i Sæbø skulekorps spelte offentleg for første gong til stor glede for alle som var på grendahuset.

IMG_3856

Mange var tilstades under julemarknaden på Bondalen grendahus. (Orsak dogg på linsa)

IMG_3860

Frå venstre: Jorunn Hustad, Jorunn Mo og Nanna Stokke.  I alle høve hadde ei av desse damene vinnarlukke...

Under julemarknaden vart det selt lodd frå bøtte, lodd frå  bok og lodd på årar og ikkje minst vart det selt kaffi og kaker.  Alt i alt kom det inn ca. kr. 26.000,- brutto til skulekorpset og hornmusikken.  Dette seier Bodil Skare seg godt nøgd med.  Bodil er også takksam fordi mange ulike bedrifter har sponsa Sæbø skulekorps og Bondalen Hornmusikk med mange gevinstar.

Bodil Skare vil likevel gjere eit par endringar med marknaden til neste år.  Erfaringane i år tilseier at det vart litt trangt der matsalet gjekk føre seg.  Kanskje skulle ein og hatt færre bord og stolar i storsalen og heller hatt servering i småsalen i tillegg .  Dermed hadde det truleg blitt betre plass for alle.