Ikke ein morgon på Bellingen utan at skipsfart vert diskutert.  Det skulle også berre mangle.  Det er arbeidet på sjøen og havet som sikrar - eller har sikra - inntekta til dei fleste som er der.

IMG_3866

Frå venstre: Anders Holen.  Johan Riise(tidlegare styrmann). Magnar Aklestad(tidlegare Kaptein og Ice-pilot), Nils Aklestad og Oddvar Olsen. Anders Holen er den einaste som ikkje er, eller har vore sjømann.  Men han er ein ivrig fjordfiskar...

IMG_3865

Frå venstre:  Thomas Hustad, Bjarne Riise, Jostein Koppen(tidlegare sjømann), Malvin Holen og Anders Holen.

IMG_3867

Her ser vi Oddvar Olsen(t.v.) (eigar og skipper på M/S "Hjørundfjord"), Nils Aklestad, (supplyskip), og Ole Johan Riise(styrmann på M/F "Folkestad") i ivrig diskusjon.

Av andre aktive sjøfolk/fiskarar, må også Jan-Inge Lillebø, Per Gjerde og Arnljot Frøland nemnast og sjølvsagt Roy Lillebø.  Roy Lillebø er skipper ombord i eit supplyskip i Nordsjøen og får diverre ikkje feire jula heime hos familien sin på Sæbø.  Heller ikkje får Mathias Riise (Tia), som er kaptein ombord på eit farty i utanriksflåten, feire jula heime hos familien sin i Volda.

Frukostkaffigjengen på Sæbø, med Magnar Aklestad og Jon Arne Årseth(skipper på Bellingen) i spissen, ynskjer spesielt God Jul til alle dei som ikkje får feire jula heime hos sine kjære.

Og berre så det er sagt:  Er det sjøfolk som ynskjer å sende ei helsing heim her på hjorundfjord.no, vil det bli teke utskrift og helsinga vil bli hengt opp på oppslagstavla på Bellingen.