Han Sima Rasmus hadde mange gåter som han spurde oss gutungane på Rise.

Haua Knut seier qitz, men eg kallar det gåter, det same som Rasmus gjorde.

Her er ei av dei få eg hugsar att:

Ej e glad ej ser dej, ej bere det på mej. Det skal inni dej, og ej oppå dej. Og så skal vi begge heim att dra.

Kva er det?

Eg legg på ei gåte til.

Lars fekk den når han var i skogen. di meir han prøvde å få tak i den, til verre vart den å nå. Til slutt så tok han den med seg heim att.

Kva var det.

Meir kjend er vel: Styttestakkjen dansa og kvint ola kvad. Og etterpå kom longesløret, og gjet so kva det va?