"Nye" Sæbø sett frå nordaust. Prestegarden rett i front.
Styringsgruppa har engasjert planleggjar Kåre Gjengedal til å lage ein 3D-visjon for det nye Sæbø. No arbeider Gjengedal i eige firma, men han var tidlegare planleggjar i Ørsta kommune, og kjenner Sæbø godt. Han var mannen bak utforminga av den gjeldande reguleringsplanen.
Styringsgruppa sin visjon byggjer på denne planen, men med nokre viktige endringar. For det første er flyttinga av riksvegen kutta ut. Han er no regulert til å svinge ned ved Hjørundfjordheimen og kome ut på Sæbø-plassen mellom Bellingen og Stormøllen. I 3D-visjonen vil riksvegen framleis gå rundt Slettedalshjørnet.
"Nye" Sæbø sett frå sør. Rett i front ser vi den dobbelsidige piren.
Rundt Slettedalshjørnet er det likevel opna noko opp, og det er gjort eit innhogg i parken og prestegardsmuren. Dette er kontroversielt, og det er styringsgruppa klare over. I tillegg til å få ein betre trafikksituasjon, er meininga med dette grepet dessutan å binde saman sjøtilgangen og prestegarden slik det historisk var.
Motivet med å late riksveg 655 gå slik det er foreslått i 3D-visjonen, er mangesidig. Det viktigaste motivet er økonomi. Statens vegvesen er faktisk ikkje interesserte i å flytte riksvegen slik gjeldande reguleringsplan seier. Saka er ikkje prioritert, og slik styringsgruppa ser det, er einaste mulegheita til å få gjort noko med trafikksituasjonen å rette opp vegen langs eksisterande trase, og gjere det heile meir oversiktleg.
Ferjekaia er foreslått flytta slik det er lagt opp til i reguleringsplanen. I forslaget vender lemmen utover mot Sæbøneset, men det er sikkert like mogleg å vende lemmen andre vegen. Det er eit mål å få køa vekk frå Sæbø-plassen.
I visjonen er kaiforholda betra. Det skjer automatisk ved flytting av ferjekaia.
Eit spennande grep Gjengedal har laga, er å leggje ut ein dobbelsidig pir utanfor Lisjeelva. I 3D-teikninga kjem det ikkje fram at Lisjeelva er opna, men det skal ho vere.
"Nye" Sæbø sett frå nord, med den nye ferjekaia i front.
Bileta som verte presenterte i denne saka er altså ikkje noko konkret forslag, men ein visjon over kva Sæbø sentrum skal verte. Styringsgruppa ynskjer å få bygdefolket med på debatten, og på nyåret vil det verte halde folkemøte der visjonen vert nærmare presentert.
Det vil komande år verte sett i gang reguleringsarbeid for nye bustadtomter på Sæbø. I 3D-teikninga er det lagt inn nye bustadhus på Prestemarka. Viss det er ynske om det, kan ei omregulering av sentrum slik visjonen seier noko om, skje i samband med dette reguleringsarbeidet.
Det som er viktig å ha klart føre seg, er at ei gjennomføring av desse visjonane vil koste mykje. Noko må finansierast over offentlege budsjett, som Ørsta kommune og Statens vegvesen. Dette arbeidet er styringsgruppa for bygdemobiliseringa alt i gang med, og siste dagars løyvingar viser at det er interesse for at noko skjer også på Sæbø.
Håpet til styringsgruppa er at med å få til nokre av desse grepa, kan det stimulere private til å satse på bygging i Sæbø, for til sjuande og sist vil det vere det private initiativet som vil vere avgjerande for om det vil lukkast å utvikle Sæbø vidare.
P.S.: Klikk på bileta for å få større versjonar.
Kommentarar
Liker spesielt at det er lagt inn atskillig meir vegetasjon i sentrum. All den stygge asfalten må vekk!
Fergekø-løysinga ser veldig fin ut og syns egentlig at den strandlinja som er illutrert er eit veldig godt utgangspunkt, når ein tenker på korleis det ferdige resultatet skal bli.
Inngrepet i prestegardsmuren vil møte motstand, det er vi klar over, men skal trafikkforholda verte betre så må nok bautaen flyttast.Bautaen er i dag flytta til midt på torgplassen, som er eit midtpunkt i miljøgata. Bautaen er framstilt som ein rektangulær stein.
ISMo
Det ser ut som det er tegna inn flerie hus i området rundt Lisjeelva - er det bolighus som er tenkt? Kva størelse er det ein tenkjer då?
Sidan eg er blandt dei som meiner at eit av måla med livet er å kunne tilbringe lange late dagar på badestranda på Sæbø vonar eg sjølvsagt at den vert bevart og at arbeidet med Kapteinskvia fører til at også badestranda vert forbedra :-)
Det er mykje godt arbeid før alt dette vert realisert, men dette var ein god start :-)
Ei fin julegåve.
Flyttinga av ferjekaia er ikkje noko som planleggaren sjølv har funne på, men er etter den gjeldande reguleringsplanen som er godkjendt.Dette er det Vegvesenet som tek stilling til kva som skal gjerast her, men ved å teikne inn den nye ferjeplassen, har folk blitt gjordt oppmerksom på planen og den ulempa det er for badestranda. Ei løysing dersom kaia vert flytta er å bruke forslaget om å legge kaia meir rett ut frå land og dermed dempe ulempene.
Tanken med 3D visjonen er at vi kan få til ei positiv utvikling i trivsel og sysselsetning i Sæbø, og kreative forslag til tegninga vil være med å påvirke den vidare utviklinga som vil kome framover, i Sæbø som den naturlege tettstaden i Hjørundfjorden.
Ivar Svein Mo