Underteikna er heldig å vere i alle høve nestenmedlem av frukostkaffigjengen på Bellingen sjølv om eg korkje har maritim bakgrunn, eller er pensjonist.  Av og til vert det snakka fotball - sjølvsagt vert det det.  Og cupane i Hornindalen vert nemnt ikkje sjeldan.  Sjølv Anders Holen vert fjern i blikket når desse arrangementa vert omtala.  Kvifor?

Topplaget frå 1953:  (Trykk på foto med venstre musetast og trykk så på firkanten nede i høgre hjørne når den dukkar opp.  Då får ein stor versjon av fotografiet.)

Fotballcup

Bak frå venstre:  Ola Sæbønes, Annfinn Holen,  Nils Årseth, Alfred Sæbønes, John Slettedal og Bernt Årseth.  Midten:  Knut Holen, Edvin Riise, Ole Standal.  Framme:  Lars Hustad, Bjarne Riise, Ole Mo.  Foto er utlånt av Bjarne Riise.

Min kjære onkel, Bernt Årseth har fortalt til meg at han var svært stolt då han fekk vere med laget denne gongen i 1953.  Han sjølv var berre 16 - 17 år.  Fotballaget brukte å overnatte på Raftevoll Hotell på Grodås. 

Bjarne Riise fortel at Raftevoll Hotell var ein populær overnattingsstad - og ikkje berre p.g.a. den gode maten.  Nei, hotellet hadde løyve til å selge øl.  Og, seier Bjarne, det kunne nok hende at ein eller annan publikumar gjorde akkurat det - kjøpte seg ei flaske øl...  Overnattinga vart gjerne ordna slik at fotballaget overnatta på eitt rom, publikum på eit anna.

Ein gong, minnest Bjarne, vart det avvikla folkedans på publikumsromet, taktfast dans.  Så taktfast var den at ein stor, rund omn som stod i romet, gjekk over ende og vart liggande på golvet i ulike delar.  Det er vel ikkje å overdrive å seie at vertskapet vart litt sure, fortel Bjarne.  Men "snikkaren", Lars Hustad, visste råd.  Han spurde vertskapet etter omnskitt.  Omnskitt vart skaffa og  "Snikkaren" fekk sett opp omnen igjen med god hjelp av dei andre.  Romet vart rydda skikkeleg opp og Sæbø IL høyrde ikkje noko meir negativt.

Kan ein eller annan hjelpe til med fleire opplysningar?  Kvifor vart Lars Hustad t.d. kalla "Snikkaren"?

Stor takk til Bjarne Riise for utlån av foto.