Anten du er fotograf, journalist, eller berre ein som likar å fotografere, er det umogleg å gå forbi Thomas utan å forevige han på ein film eller ei minnebrikke.  Mannen er kort og godt det som heiter fotogen.  Difor er det Thomas t.d. Helly Hansen tek kontakt med når dei skal lage reklame for eit eller anna av sine produkt.  Skal det lagast ein film om ein viking eller to, ja, då høyrer fotomodellen frå Knutegarden på Hustad i Hjørundfjorden med.

Sist fredag vart Thomas offisiell pensjonist.  Leikelvel er han å finne på kontoret sitt på det gamle kommunehuset på Sæbø, eller i verkstaden som han leige i same bygning.

bthomas

Foto: Knut Arne Aarseth

Her ser Thomas ut gjennom vindauget på kontoret sitt.  Thomas har vore offisiell vèrobservatør for Det meterologiske institutt, og sjekkar sjølvsagt vèret framleis.  Han er også hamnefogd på Sæbø - her på hjorundfjord.no har ein erfaren sjømann peika Thomas ut som verdens beste i sitt slag.

IMG_3835bthomas2

Foto til høgre:  Knut Arne Aarseth.

Sjølv ein mottesnikkar må av og til gjere kontorarbeid.(T.v.) Til høgre ser vi Thomas slik som vi kjenner han.  Det ser ut til at han har funne seg eit emne til ein stav i eit grindbygg.  I det gamle kommunehuset på Sæbø i bakgrunnen, har Thomas snikkarverkstaden sin.

Etter at Thomas slutta som bonde, spesialiserte han seg på å restaurere gamle bygningar, difor namnet mottesnikkar.  Og han kan sitt fag.  Av alle stabbur, naust, sel, kvernhus m.m. som har vorte restaurert siste 10-20 åra i Hjørundfjorden, har Thomas sikkert vore med på dei aller fleste av prosjekta.  Utan tvil har han vore med på å hindre at fleire bygningar kort og godt har blitt jamna med jorda.

Dei som har sett ein tenkjande mann - sitjande på huk, gjerne med ein sneip i munnvika, har truleg sett Thomas.  Dette har vore favorittstillinga hans når han skulle finne ei løysing på eit bygningsteknisk problem, eller berre ta seg 5-minutt. Om det er denne sitjestillinga som er årsaka til at han siste året har hatt litt problem med nettopp knea, skal vere usagt, men heldigvis er han no på betringens veg. Likevel er det lite truleg at Hjørundfjordlegen Bruno Hame vil tilrå denne kvilestillinga meir. 

Men sjølv om Thomas i det siste t.d. ikkje har fått laga t.d. bygg i lafta tømmer utanfor arbeidslokalet sitt til glede for turistar og fastbuande, har han likevel delteke på dugnadar og anna arbeid. Hengt opp fisk til tørk har han også gjort.  Og Thomas stadfesta til hjorundfjord.no seinast i dag, at hammar og naglar heller ikkje vert lagde på is sjølv om han no er 67. 

Kyrkjegarden 013_editedHelgeStarnd,Thomas Hustad og Johan Riise 2006

Foto til venstre:  Thomas saman med Gunnar Lyshagen under ein dugnad på kyrkjegardsgjerdet i vår.  På foto til høgre ser vi Helge Strand(t.v.), Thomas og Johan Riise(t.h.)  Om nokon skulle vere i tvil - det er fisk som heng til tørk i bakgrunnen.

Dei siste dagane har Thomas jobba for Hjørundfjorden bygdemobilisering.  Han har laga modell av ein gapahuk som skal verte bygd som eit trivseltiltak på Kapteinskvia på Sæbø.  Håpet er at gapahuken kan verte oppført i full storleik allereie til våren.  Og kven skal så  gjere det?  Thomas får nok spørsmålet.

IMG_3839IMG_3842

Thomas framfor modellen av gapahuken, men han er ikkje heilt nøgd.  Det kan sjå ut som om bygget vert litt høgt i framkant, så f.t. spekulerer Thomas på ei endring av modellen her.

hjorundfjord.no seier seg lei fordi vi ikkje hugsa korrekt dato for Thomas sin åremålsdag, men diverre er ikkje registeret vårt heilt oppdatert her.  Men Thomas skal ikkje legge hammaren på hylla sjølv om han no er 67 og vi får nok høve til å hugse på han seinare.  Likevel - vi gratulerer med  dagen som har vore.

P.s.:  Mange trur at Thomas vart fødd med kvitt skjegg.  Det er nok ikkje korrekt - han hadde visstnok ikkje skjegg då han vart gift heller.  Under ser vi eit foto av Thomas i mørk ansiktspryd.  Fotografiet er teke i høve forebuingane til bryllaupet til leiaren for Hjørundfjorden bygdemobilisering, Ivar Svein Mo.

Mørkt skjegg

Frå venstre:  Øystein Njål Nordang, Ivar Svein Mo, Thomas Hustad og Tore J. Aarskog.