Hovudaktiviteten dette året var vitjing på Bjelde Gard. Med Hjørundfjorden bygdemobilisering i tankane, fann vi ut at bondalingane kanskje hadde noko å lære hjå Ragnvald Bjelde i Sogndal. Ragnvald og kona hans har gjort om gardsbruket sitt til eit særs populært aktivitetssenter. Blant hovudaktvitetane er landets største fotballgolfbane, ei 9 hols putballbane. Sæbøgjengen var delt inn i 4 lag og det var stor prestisje dei ca to timane det tok å kome gjennom putballbana.

Putball er altså ganske likt golf, berre at ein nyttar fotball i staden for golfball, og føtene i staden for golfkølle. Av veteranane var det Rolf Egil Riise som gjekk sigrande ut som den mest presise. 34 spark brukte han totalt på dei 9 hola, berre 6 bak banerekorden til Sogndal-spelaren Ole Hjelmhaug. Ikkje rart Ragnvald Bjelde vart imponert.
 

putball
Lag A er klar for putball på hol 1. Frå venstre: Asbjørn Langø, Audun Lyshagen, Arnt Egil Hjellen og Kenneth Nydahl.

Tings_og_bue
Knut Inge Haugen er særs konsentrert med pil og boge. Kanskje kan
vi få oppleve liknande aktivitetar på gardsbruket fram på Rekkedal med tider…?
Rolf Egil Riise (t.v) følgjer spent med.


Ellers på aktivitetsmenyen var det øksekasting og skyting med pil og boge, og til slutt vart seansen avslutta med ølsmaking direkte frå tapperiet til innehavar Ragnvald. Han kunne ellers fortelje at garden hadde vitjing av ca 3000 personar i året på dei forskjellige aktivitetane han kunne tilby, og var eit sikkert prov på at bygdeutvikling og gardsturisme ikkje treng vere noko hokus pokus. Det var i alle fall ein godt nøgd Sæbøgjeng som forlet Bjelde gard etter tre timar med diverse aktivitetar.


bjeldebrygg
Innehavar Ragnvald Bjelde på Bjelde gard let Sæbøvetaranane prøvesmake
gardsbrygget. Løda kunne huse over 250 middagsgjester, og då var det greit å ha lokalt øl å servere.

Internkamp er fast innslag på turen, og vanlegvis er desse kampane tette og jamnspelte. I år var imidlertid det eine laget suverent og gjekk sigrande ut med kalassifra 17-9. Vinnarlaget bestod av Knut Inge Haugen, Audun Lyshagen, Kenneth Nydahl, Henning Nydahl, Sverre Børge Hjorthaug og Kjell-Johan Aarseth.

Lagbilete_fosshaugane
Lagbilete frå Fosshaugane Campus: Bakerst frå venstre: Øyvind Ose, Kenneth Nydahl, Asbjørn Langø, Arnt Egil Hjellen, Henning Nydahl.
Midten: Alf Ole Aarseth, Svein Jon Holen, Audun Lyshagen, Rolf Egil Riise, Frank Urkegjerde, Sverre Børge Hjorthaug.
Framme: Odd Rune Walseth, Knut Inge Haugen, Vidar Holen, Jens Forbord, Kjell-Johan Aarseth.

Veterangjengen var innkvarterte på Sogndal Hotell, og etter ein laurdag med mykje fysisk aktivitet var det godt for slitne veteranbein å kunne slappe av i symjebassenget eller ein tur i tyrkisk dampbad.

Søndag var det tid for heimreise, og kjenner vi den nyvalde komitéen med Audun Lyshagen i spissen rett, så er nok planleggjinga av neste års tur allereie i gong.

Meir om turen kjem som vanleg i Møre Nytt rundt juletider.