I ei av dei siste årsbøkene frå Hjørundfjord Sogelag har Erling Storeide skildra korleis drifta på gardane vart då hesten vart erstatta med traktor. Dei som hadde dei flataste gardane skaffa seg 4-hjulingar, medan dei andre måtte greie seg med to-hjulingar. Eit problem var at når bakkane vart for bratte og lasset for tungt kom det rare lydar frå gear-kassa og dermed var det stopp. På Kristian-garden hadde dei ein to-hjula Bucher som fleire gonger måtte demonterast og skiftast delar på. Den flinkaste til slikt arbeid på Trandal på den tida var han Nes-Sivert (som dessverre omkom i Molaupulukka i 1972). Biletet viser Sivert som studerer instruksjonsboka saman med Olav Storeide sommeren 1966. Biletet er tatt like ovanfor løa på Kristian-garden.

Traktorreparasjon1966

Frå venstre ser vi Jonny Sjåstad, Sivert Nes, Olav Storeide, Knut Sjåstad (bak traktorkassa).Personen med ryggen til får vere ein "quiz".