Mange fekk sikkert med seg at den nye singelen "Kjem heim" frå Edith Flakk vart spelt på NRK Møre og Romsdal i går.

Vert det ny CD og ny topplassering på Norsktoppen no, Edith?

-Nei, ny CD kjem nok ikkje ut umiddelbart, men kanskje i løpet av 2007, seier ei noko løyndomsfull Edith.  Likevel legg ikkje denne "norstoppartisten" skjul på at når denne singelen vert utgitt no, så har det samanheng med ei komande platelansering å gjere.  - Men eg gjev den også ut fordi publikum ikkje må gløyme meg.  Det er trass alt ei stund sidan eg gav ut min siste CD, seier Edith til hjorundfjord.no.

Singelen "Kjem heim" er trykt berre i 100 eksemplar og er meint for radiostasjonar, plateselskap, aviser m.m. og er såleis ikkje i  salg i butikkane.  Men som brukarane av Hjørundfjodportalen ellereie veit, er Edith Flakk ein svært flink artist så inntil vidare får vi gå i platebutikken og kjøpe ein av dei tidlegare CD-ane henner.

Og heilt til slutt: Ja, artisten Edith Flakk er den same som vi kjenner som Edith Flakk Nordang.