Likevel, først av alt: Har Hjørundfjorden noko å tilby?  Har vi noko som folk vil oppleve? Sjølvsagt har vi det.

Haustbilde 006

Propellvengja som gravstøtte til den austerrikske flygaren Wolfgang Kind, fortel om eit viktig krigsminne. Gravstøtta står på Hjørundfjorden kyrkjegard.

 

Hjørundfjorden har eit unikt landskap med fjord og fjell, dalar og fjøre. Alpelandskapet er unikt. Dette gjev mulegheiter for fjellturar både for dei som vil utfordre, og for dei som vil vandre og nytte naturen til avslapping. Slogen, Molladalen, Bakkedalen, Rognestøyldalen, Trandaldalen og Trandalhatten. Kvistaddalen, Olavshola er berre eit fåtal av tilboda i naturen.

 

Sunnmørsalpane er også eit vintertilbod. Nedfartane frå fjella er i verdsklasse. Skårasalen, Jønshornet, Randers Tind og Grøtdalstinden er nokre av fjella som lokkar. Slike nedfartar er forresten ikkje av ny dato. Alt i tidlege førkrigsår vert det rapportert om ein gjeng Sæbø-gutar som gjekk til Dalegubben og fekk ein uforgløymeleg tur ned Skondalen på puddersnø.

terjecorneryeahhh

Skileik, i urøyvd landskap og på Bondalseidet, er ei flott oppleving i Hjørundfjorden.

 

Vi har Bondalseidet med skisenteret, og Standaleidet med Kolåstinden som eit ynda mål.

 

Kulturlivet er også allsidig. Kyrkjene på Sæbø og Bjørke er verdt eit besøk, og kyrkjegardane er kanskje den viktigaste historiske forteljaren om området. Hotel Union på Øye har si særmerkte soge, like eins mellomalderhusa på Bjørke.

 

Årleg arrangerer kulturvernlaget og sogelaget vandringar og treff der folk kan djupdykke i kulturen og historia vår.

 

Årleg er det også meir laussluppne kulturarrangement som Sæbø IL står bak. Først og fremst Hjørundfjorddagane, men også Skattejakta i påska.

DSCN1304

Hjørundfjorddagane i byrjinga av juni samlar årleg mange folk.

 

Og så har vi friluftslivet. Bondalselva var og er framleis ei viktig lakseelv. Årleg kjem det turistar frå heile Europa for å fiske. Sjølve fjorden har også vorte eit turistobjekt. Fjordfisket lokkar turistar særleg frå Tyskland og Tsjekkia. Hjortejakta må vi heller ikkje gløyme. Hos fleire grunneigarar er det mogleg å kjøpe seg jakttid.

 

Hjørundfjorden har også ei dramatisk soge å fortelje. Rasulykkene og naturkreftene finn vi vitne om på gamle-Rise og ved Lygnstøylvatnet - og på kyrkjegardane.

 

Etter kvart har vi også tilbod om uteliv og gode måltid. Og vi har mange tilbod om overnattingar. Utfordringa er å gjere dei kjende og få dei systematiserte. Under er nokre linkar til nokre av overnattings- og restuaranttilboda vi har i fjorden.

 

.

hotellstort[1]

Hotel Union, Øye

  

www.unionoye.no/web/no/default.asp

 

 

Haustbilde 018

Hotell Sagafjord, Sæbø

www.sagafjordhotel.no/cgi-bin/webadm.cgi?gid=2248&croot=1153

 

dscn1458

Christian Gaard, Trandal

www.christian-gaard.no/?side=hovedside

 

Grindlode001

Rekkedal gjestehus, Bondalen

home.online.no/~rekkedal/index.htm

 

 

h_hytte80m2_1

Trandal fjordhytter, Trandal

www.fjordhytter.no/

 

alle_hyttene_2

Hustadnes fjordhytter, Sæbø

 

www.hustadnes-fjordhytter.no/

 

setra_200

Standal feriesenter, Ytre Standal

 

www.kstandal.no/

 

Bilete_fasilitetar

Bondalselva camping, Sæbø.

 

www.bondalselva-camp.no/Velkommen_norsk.htm

 

 

 

 Hyttutsikt

Saksa feriehytter, Urke

 

www.saksa.no/

 

 

 

I tillegg har vi Hjørundfjord camping og ei rekkje andre hyttetilbod. Hjarteleg velkomen.