Etter invitasjon fekk i dag Hjørundfjorden bygdemobilisering presentere seg på det årlege leiarmøtet til Møre og Romsdal bondelag.  Denne gongen vert møtet halde på Rica Parken Hotell i Ålesund.

Etter at Ottar Longva frå fylket si landbruksavdeling  snakka generelt  om bygdemobilisering, fekk underteikna  æra av å orientere om prosjektet vårt.  Om det gjekk bra eller dårleg får andre vurdere, men dei som var tilstades fekk i alle høve  sjå vakre foto frå Hjørundfjorden.  I tillegg vart dei orinetert om den komande planen for Sæbø sentrum, om målet vårt om at alle i fjorden skal få breiband innan kort tid og dei vart m.a. orinetert om trivselprosjektet  på elverampa.  Sjølvsagt fekk dei  sjå internettportalen vår.

Elles må det  nemnast at generalsekretæren til Norges Bondelag, Harald Milli, var til stades og snakka om næringspolitiske utfordringar.  Han slo fast at det viktigaste framover vert å kjempe for auka inntekt til bonden og at t.d. tilskota til den mjølkeprodusentgruppa som har opp til 16 årskyr skal prioriterast.  Dette er gode signal å ta med seg for Sunnmørsbonden - og Hjørundfjordbonden.

20061117BondelagMilli20061117BondelagSalen

På foto til venstre ser vi at også generalsekretæren i Norges Bondelag, Harald Milli(t.h.), fekk med seg orienteringa om Hjørundfjorden bygdemobilisering.  Omtrent midt på foto til høgre ser vi Jane Hustad, som representerte Gjensidige forsikring og bak ho igjen ser vi bondalsjenta Heidi Aklestad ?.  Ho representerte Midsund bondelag. 

2006117BondelagInnledere

Kvar av oss som deltok på leiarmøtet fekk kokebok. Den fekk vi under førsetnad av at vi brukte den sjølv...  Frå venstre ser vi fylkesleiar Arne Magnus Aasen, nestleiar Oddvar Tynes, Kåre Kristen Totlund, Knut Hustad, Ottar Longva og Knut Aksel Thunem. 

Avslutningsvis må det nemnast at regiondirektør frå NHO, Torill Ytreberg deltok på møtet i tillegg til to frå Sparebanken Møre, ein bank som ved årsskiftet skal etablere avdeling i Ørsta.