Tursti langs elverampa frå Hustad til Rise.

Laurdag 11.nov. vart Hjørundfjord bygdemobliserings fyrste store prosjekt, tursti Hustadbru – Rise ferdiggrusa, og dermed vart anleggsarbeidet avslutta. Dette er godt eksempel på når bygdafolket, grunneigarane, lokale entreprenørar og dei offentlege ser kor viktigt det er å samarbeide og at trivseltiltak er avgjerande for at her skal være busetning og tilflytting av nye til bygda. Bygda har no synt at det vert ikkje akseptert stivbeinte reglar som førar til attgroing og mistrivsel. For at folk skal trivst, må der finnast ein balanse mellom miljøet i elva og langs elva og folk har krav som alle andre å få pleie skogen rundt seg.

Det stend no att på sjølve prosjektet å skaffe stolar og bord på kvileplassane, og sette opp rekneskap og timesliste for dugnadsgjengen som har delteke. Dette prosjektet har vore hjartesaka til Bondalen helselag og Hjørundfjorden bygdemoblisering. Bygdemobliseringa har vore hovudansvarleg for prosjektet og har utnemnd Irene Osvoll som leiar for arbeidsgruppa, der ho har ilag med seg Mathias Aarskog og Hilde Sæbønes. Arbeidsgruppa har vore den som har dreve fram prosessen med søknad for å få på plass alt som skal til, og ikkje minst kalla inn til dugnad med servering av mat, som er ein svært viktig del av det sosiale. Ei arbeidsgruppe som er nedsatt av H.B. Styringsgruppa kan når som helst søke hjelp med hovudgruppa når det er noke dei treng hjelp til, og slik har det vore i dette prosjektet også.

Etter at det tekniske no er på plass, vil arbeidsgruppa gå ut til lag, organisjonar og sponsorar for å utsmykke og tilplante sitje/kvileplassane. Her vil nok Bondalen helselag ha eit ord med i laget og vi veit då at det er i dei beste hender for alle. Ei høgtideleg opning vert gjordt når dette er på plass til våren.

Arbeidsgruppa har også planer for videre opning for tursti heilt fram til Kvistadbrua og har søkt midlar til dette, som ein reknar å få svar på føre jul.

Turstien er eit døme på trivseltiltak, men kan også verte svært viktigt i eit sysselsetningstiltak når ein ynskjer å få turistar på hotellet og besøkande til bygda. Her kan grunnlaget for ei  guida ruter ligge, og turstien fram langs elva og nedatt gjennom gamle Rise kan verte ein viktig start på ei ny tid.

Det vidare arbeidet i Bygdemobliseringa.

 Sæbøgruppa sitt arbeid.

Hjørundfjord bygdemobilisering si styringsgruppe arbeider videre med å fornye Sæbø til ein plass folket sjølve og tilreisande kan trivst. Her er nedsett ei arbeidgruppe som består av Kjell Otto Holen som leiar. Han har med seg Eldrid Øye, Hilde Muren(Sæbø grendalag), Lars Johan Sæbønes. I tillegg så møter Linda Stokke(Kapteinskvia), Irene Osvoll(tursti elverampa) Karl Asgeir Sæbønes(utbygging ny gymsal skulen)og Knut Åmås (småbåt hamna). Leiar i styringsgruppa har møtt som observartør.

Saeb render montert og pyntet

 Sæbø gruppa på Synfaring.Linda,Kjell Otto, Eldrid og Irene.Lasse med ryggen til.Bilete til høgre ser ein korleis ein kan tenke seg det gamle Samvirkelaget vil sjå ut ved ombygging.

Sæbøgruppa har engasjert arkitekt Kåre Gjengedal frå AG plan og arkitektur AS i Ørsta til å lage ei 3D skisse over det nye Sæbø. Dette håper vi at vi kan greie å offentleggjere før jul, til hjørundfjordingane. 

Lisjeelva mot Stokkehuset
Området i osen til Lisjeelva ser ikkje bra ut i dag. Slik kan vi ikkje vise fram Sæbø.

Hovudsaker som vert lagt vekt på her er å gjere område nord for Lisjeelva til eit tyngdepunkt i Sæbø sentrum. Fullføring av promenaden og ny skyssbåtkai med mottak av reisande vil verte ei viktig sak med toalett moglegheiter. Ferjekaia er også det svake punkt, og det er tillyst eit synfaringsmøte med kommuna og Vegvesenet som skal ta stilling til kva som her skal gjerast. Våningshuset iprestegarden står klar for oppussing og her skal vi ha same standard som Ørsta, og prestebustaden skal ein dag stå fram som ei perle i Sæbø, som vi med stoltheit kan vise fram.

Småbåthamna.

Småbåthamn er viktig og er snart ei sjølvfølge i alle bygder, og skal vi få folk til å flytte og busetje seg her så må her være mogleg å tilby båtplass.

 Småbåthamna
 Småbåthamna sør for hotellet

Så snart som planane for promenaden er ferdig og vi treng masse til utfylling, så vert det begynt graving i område sør for hotellet, der småbåthamna er tiltenkt. Her har grunneigarane gitt oss løyve til å ta masse mot at vi tek kostnadene med graving og transport. Knut Åmås er vår kontaktperson.

Kapteinskvia

Linda 2 beskåre
Linda Stokke og Nikolai

Linda Stokke er vår arbeidsleiar saman med Hilde Muren, Elisabet Dimmen og Siw Bjørdal Lillebø. Til Kapteinskvia er det søkt tippemidlar til trivseltiltak og tillaging av området til ein liten park. Her er det tenkt eit næmiljøanlegg med eit plan med grus og eit plan med gras der ein kan ha ei enkel fotballbane, baskett .. Det vert tenkt å få laga stolar og bord der folk kan sette seg ned å ha det sosialt.I ein av dei næraste dagane vil vi på hjorundfjord.no presentere ei tegning/plan over området.Det er Kenneth Myrhol som gjer det tekniske her.

 


 

 

Hjørundfjordportalen er vår aller viktigaste kontakt med bygdefolket.
Hjorundfjord.no er ei av vår viktigaste satsing til no, og  websida er og har vore bygdemobiliseringa sin kontaktkanal med omverda. Portalen har vore til stor nytte for bygdemobliseringa og må utviklast vidare. Det er brødrene Tor Eirik og Håkon Trandal som er web utviklarar. Rune Sæbønes er arbeidsleiar og i lag med Knut Hustad har dei utrøtteleg skrive og produsert stoff på sida. Styringsgruppa kan ikkje få fullrost deira innsats her. Sida har i rekordfart utvikla seg til ei kvalitetswebside som har fleire hundre besøk i døgeret og er og vil vere den faste møteplassen for folk i fjorden, og ein kjærkomen møteplass for utflytta hjørundfjordingar til å halde kontakt med heimbygda. Ved bruk av fotogalleriet kan folk legge ut på nettet sine eigne bileter. Her kan vi ta fram eit døme av vår tidlegare ordførar Nils Taklo, som har ei eiga måleri utstilling

              Knut Hustad som grillkokk 2006                                             

Rune Sæbønes

                                                       
Knut Hustad er ein allsidig person, her som grill kokk.Ellers er han bonde og fast skribent.

 Arbeidsleiar for portalen, Rune Sæbønes og vår solide ankermann.

Målet for portalen er at dette skal verte eit sjølvstendig medium som skal verte innteksgjevande og der folk søkjer når dei skal finne informasjon. Her må vi få inn opningstider til dokter, prest, frisør og bank.

For at vi skal få fleire brukarar som skriv og lagar stoff, så må vi ut med annonse og mediaoppslag. Vi må også ut og drive opplæring av brukarar og her må folket sjølv ta kontakt med dei ansvarlege på sida for å få i stand brukarkveldar. Er det behov å starte enkle ”kom i gong datakurs for eldre?”

Breiband til alle.

Skal hjorundfjord.no nå fram til alle og verte den møteplassen den er tenk, så må vi få breiband til alle i heile fjorden. Styringsgruppa har teke kontakt med Tussa kraft for å involvere dei i ei løysning her, men eit svar er ikkje motteke ennå. Etter ei muntleg kontakt har vi fått opplyst at Bjørke og område rundt, Saure, Finnes, Kalneset og muligens Leira vil få breiband før jul. Dette vil være det same med Urkebygda. Trandal, Standal og bygdene utover vil ikkje få nett før ut på nyttåret. Kor langt det vil rekke utover Hjørundfjordstranda er uvisst.

 Norangsfjorden
Norangsfjorden. Nederst ser ein Urke , Maude og inst i fjorden Øye. Stennes til høgre.

Ved kontakt med Øye fekk vi opplysning om at ein lokal interessegruppe har jobba med å søke på dei statelege Høykom midlane. Her har Johan Øye og Johan Skylstad, den siste frå Ålesund teke iniativet og fått inn ein søknad frå Ørsta kommune. Ordførar Myklebust ha gitt ein positiv garanti på eigenandelen, med atterhald om politisk godkjenning.

Bjørke og Storfjorden
Bjørke har diskutert i grendalag og bondelag om å ta kontakt med Bygdemobliseringa for å henge seg på med ein søknad om samarbeid om felles prosjekt. Her er spesielt interesse for å samarbeide om kommunikasjon i fjorden, og dei tenker då på breiband for alle og skyssbåttenesta. Dette må styret ta opp på neste møte om vi ska ta inn Bjørke i vårt prosjekt og korleis vi skal utforme ein søknad.

Ungdomsarbeid.
Ungdomskvelden var vellukka og har resultert i dataparty og framtidige ungdomskveldar der vi må forsøke å få søke om skyss tillskot på fjorden. Det er vel ikkje nokon som tvilar på at born og ungdom er vår viktigaste resurss og her må det gjerast mykje arbeid framover.


Interesse for etablering av suvenir-utsal av lokale varer på Sæbø.
Leiaren har den siste veka fått henvendelse frå ein lokal person som vil ha hjelp til å finne utav ein ide om å starte eige utsal av suvenir og lokalproduserte varer. Dette er ein henvendelse  bygdemobliseringa set stor pris på og vil no i dei fyrste dagane begynne og undersøke kva som kan gjerast her, og skal dette kunne verte ein realitet til komande sesong så haster det. Dette vil vi kome tilbake til og orientere om på portalen etterkvart.

Tomter på Sæbøneset.

Tomter på Sæbøneset er ei svært viktig sak for Hjørundfjorden, her har vi tekje kontakt med kommuna og det skal opp i formannskapet den 14.november. Vi venter på resultatet der, før vi gjer noko meir.

Tomter Sæbøneset

 Sæbøneset er ein fin og solfull plass og bør være ein ettertrakta buplass.

Utgreiing av Skårasal-veg.
Styringsgruppa har sagt seg positiv til å være med på å utgreie kva dette vil ha å bety for Hjørundfjorden og har søkt Høgskulen i Volda for hjelp, til å gjere ein forstudie av saka. Prosjektet vart ikkje oppteke i haust, men eit nytt semester startar no etter nyttår så vi håper dette skal ordne seg  då. Per Atle Røe som har vore ansvarleg for søknaden og skal undersøke saka til komande møte i gruppa den 21 nov. Vi skal informere etter møte.

Vevstolar til utlån.
Dei omstridde vevstolane som har vore på Kalvatn er i våre hender no, og vi kan ordne med utlån til vevstover. Ta kontakt med underteikna for avtale dersom det er interesse for å låne vevstolar.

Skyssbåten MS Hjørundfjord.

Skyssbåten er livsnerven i fjorden og dersom Bjørke og Skjåstaddalen skal slå seg saman med oss i Bygdemobliseringa, vert båten ein svært viktig del av prosjektet i lag breiband- kommunikasjon. Båten har no fått eiga heimeside som folk kan finne informasjon på, men sida manglar prisliste over tenestene sine, noko som folk vil ha før dei bestiller. Dette må vi ta kontakt med båten for å få på plass. Ellers så bør heimesida til båten ha ein link på H.portalen.

Nordic Sky

Vi håpar at før komande sesong kan ei ny skyssbåtkai være på plass der den nye rutebåten og vår skyssbåt kan dele på, med toalett ordningar for dei reisande.

Turistferja

Turistferja er svært viktig komande sesong også. Vi ventar på kva Vegvesenet vil føreta seg i saka.

Eivind Ryste ny leiar.

Vi har fått ny leiar for Bygdemobliseringa på fylkenivå.

T-skjorter

Knut Hustad er vår mann som vil gjere alt han kan for at T-skjorter er på plass.  hjorundfjord.no sine lesarar vil heilt sikkert verte orientert her.

Grafisk logo er under arbeid med tanke på og bruke på T-Skjorter.

Turistbrosjyre.

Bygdemobliseringa har gjennom Volda og Ørsta sparebank fått tilsagn om kr.100.000,- som vi skal bruke til marknadsføring av Hjørundfjorden. Om det skal lagast ei omfattande brosjyre eller ein liten foldar i kombinasjon med å benytte Portalen, er ei sak som det arbeidast med. Her er det Bjarne Rekkedal som er arbeidsleiar. Dette arbeidet må være ferdig ein av dei fyrste månadane på nyåret.

Ny gymsal.

Karl Asgeir Sæbønes er vår mann i arbeidsgruppa. Det har vore gjordt eit godt politisk arbeid her.  

 

Det som gledar oss i styringsgruppa mykje, er at sjølve bygdemobiliseringa inspirerer andre til nye tiltak. Eit slikt døme er bakeriutsalet på Sæbø og strikkekafeen på Sæbø bedehus kvar onsdag. Her tok Ann Helene Urkegjerde og Ingvild Aambakk initiativet, mellom anna etter å ha tenkt at dette er mobiliseringsarbeid. Det er det absolutt, og styringsgruppa var til stades med kake og godord første kvelden.
Styringsgruppa håper også fleire andre vert inspirerte av at det berre er å setje i gang nye tiltak. Noko som er poenget med bygdemobiliseringa, er å f remje initiativ.

 

Ivar Svein Mo – leiar - Hjørundfjorden Bygdemoblisering