Her er ein enkel wokrett hovudsakleg laga av lokale råvarer (alt bør/kan hentast frå Hjørundfjorden): Salta geitkjøt med mykje feitt TraktkantarellRamslauk eller purrelaukNokre blå eineber, helst utørkaGulrøtterPaprika, gulPeppar eller andre meir eksklusive, sterke krydder Skjer det litt utvatna geitkjøtet i små bitar (må vere mykje feitt for å erstatte matoljen). Ha det i wokpanna og smelt ut ein del av feita. Deretter fyller du i soppen (på førehand forvella) med passe sø til. Plukk også inn 5-10 eineber pr porsjon. Ikkje knus dei for dei skal gi smakelege punktmarkeringar i munnen. Legg i passe med lauk. Bruker du ramslauk, vèr litt forsiktig då han er smaksterk. Bruker du purrelauk, kan du vere rausare. Fyll på med gulrotskiver ca. 2 mm tjukke. La dette wokke ei stund før du legg paprikaen i småbitar/skiver på toppen. Avpass woktida slik at gulrøttene og paprikaen er litt sprøe. Du bør pepre både før og etter at du har lagt i paprikaen. Hovudingrediensane (mengdene) er her sopp, gulrøtter og paprika.  Vel ein fruktig, ikkje for kraftig vin til. Gjerne blåbærvin frå Hjørundfjorden. 

Dette er godt og er fullt på høgde med kva dei beste norske, franske og …….. kjøken kan by på.

Kvar får du tak i salta geitekjøt? Snakk med Svein Stavset.

Kor finn du den eksklusive traktkantarellen?

I nordvend tett granskog/gamle plantefelt i sept./okt.

Eineber? Det finn du overalt, men plukk berre andreårsbæra -dei som er blåe. Ramslauk finn du sannsynlegvis i Hjørundfjorden – helst på austsida vil eg tru.

Resten får du kjøpe. Diverre er det avgrensa opplag av lokal blåbærvin. Du bør difor starte vinlegging sjølv. Retten er servert nokre gonger med smakande respons.