Strikkekafe

Leiar Ivar Svein Mo i Hjørundfjorden bygdemobilisering gratulerer Ingvilld Aambakk med iniativet, og spanderte kake på strikkekafeen. 

 

Det var Ann Helene Urkegjerde og Ingvild Aambakk som tok initivet til strikkekafeen. Tiltaket er meint som ein uformell møteplass der folk kan ha med seg handarbeid og ha det kjekt i lag.

Dei to la også vekt på at folk i alle aldrar måtte kome. Det gjorde det også, frå folk i tjueåra til over pensjonsalder.

- Det synest eg er heilt flott, seier Ingvild Aambakk. Ho har alt byrja å leggje planane for den neste strikkekafeen, på bedehuset komande onsdag.

- Då kjem Mariann Skare frå Ørsta Stoffsenter for å gje råd og tips om handarbeid. Vi skal mellom anna til den kvelden strikke lappar som ho skal sy saman til eit pledd vi skal ha som gevinst på skulekorpset sin julemarknad, fortel Aambakk.

Å invitere gjester vil verte gjort fleire gonger, og no røper Aambakk at det kanskje også vert synfaringar for strikkekafeen. - Det er godt mogleg vi til dømes kan leige idrettslagsbussen for å ta ein kveld på Lyshuset eller andre stader, fortel Aambakk.

 Strikkekafe 004

Strikkeferdigheiter på topp - og praten sat laust på strikkekafeen onsdag.

 

Det er ikkje berre dei som vil møte på strikkekafeen som synest tiltaket er kjekt. Også Hjørundfjorden bygdemobilisering lovprisar tiltaket. Onsdagskvelden dukka bygdemobiliseringa sin leiar Ivar Svein Mo, med hjorundfjord.no på slep, opp på kafeen. Der overrekte han ei kake, og ynskte lykke til.

- Dette er eit tiltak som er akkurat det bygdemobiliseringa håper å få til, nemleg trivsel. Vi vil no vurdere å gjere dette tiltaket til ein del av prosjektet, og då kan vi kanskje støtte med litt pengar også, seier Mo.

Strikkekafeen kjem altså ikkje i gang fordi bygdemobiliseringa har teke iniotiativet til det. - Likevel trur eg ikkje vi hadde sett i gang utan bygdemobiliseringa. Bygdemobiliseringa har fått oss til å tenkje sjølve, og gje oss inspirasjon til å starte med strikkekafeen, seier Aambakk.

Då ho og Urkegjerde tok initiativet, og fortalde om tiltaket i Møre-Nytt og på hjorundfjord.no, presiserte dei at ikkje alle trong å ha med handarbeid. Heller ikkje alle kom med handarbeid onsdag.

- Nei, dette er kanskje meir ein trivselskveld enn direkte ein handarbeidskveld. Vi skal ha det koseleg saman her i bedehuskjellaren, seier Aambakk.

Strikkekafe 008

Dette er eit flott tiltak, meiner Idun Myrene.