Magnificat av Henning Sommerro og Messa di Gloria av Giacomo Puccini. Dagen etter er dei same programmet opningskonserten under Kyrkjemusikkveka i Volda. Solistar er Siv Aurdal – sopran, Arne Hestholm – tenor og Alf K. Vatne – baryton. Bård Dahle dirigerer.

Henning Sommerro er nok mest kjend for songar som Vårsøg, men han har også komponert store verk som Magnificat for kor, orkester og sopransolist. Det var eit bestillingsverk frå  Nidarosdomens Guttekor og dirigent Bjørn Moe og stykket vart urframført hausten 2000 i Nidarosdomen. Verket har ein lys tone og sopransolisten symboliserer Maria (Magnificat tyder ”Marias lovsong”).

Giacomo Puccini starta faktisk karriera si som kyrkjemusikar. Seinare vart han jo kjend som den store italienske komponisten etter Verdi med operaar som. La Bohème, Tosca, Turandot, Manon Lescaut og Madame Butterfly. Messa di Gloria vart det einaste store kyrkjemusikkverk han skreiv.Messa har ein tradisjonell oppbygning med fem satsar: Kyrie, Gloria, Credo, Sanctus-Benedictus og Agnus Dei. Gloria-delen fyller meir enn hundre av dei vel to hundre sidene i partituret og det er grunnen til at messa seinare har vorte kalla Messa di Gloria.Messa di Gloria er for tenor- og barytonsolist, blanda kor og fullt symfoniorkester. Karakteristisk for tonespråket er relativt tradisjonell harmonikk og mange svært melodiøse parti.

Etter urframføringa i 1880 skulle det gå hele 72 år før messa vart framført igjen og verket har heller ikkje sidan klart å etablere seg som standardverk innan kyrkjemusikken. Dette skuldast nok i første rekkje at ho berre tek om lag 50 min. å framføre, noko som krev også eit anna verk for å fylle ut ein heil konsert. Det er såleis verd å merke seg at då Henning Sommerros Magnificat vart framført første gongen i 2000 var det andre verket på programmet også den gongen Puccinis Messa di Gloria.

 Det har vorte tradisjon at koret og orkesteret ved Høgskulen samarbeider om eit større prosjekt kvar haust. Dei siste åra har dei framført m.a. Skapinga av Haydn, Gloria av Vivaldi og Elias av Mendelssohn. Elles vil nok mange hugse med glede orkesteret sine årvisse samarbeidskonsertar med Bondalskoret på byrjinga av 80-talet.