Laksefiske 022

Ingvild Aambakk og Ann Helene Urkegjerde invitetrer til strikkekafe kvar onsdag.

 

Dei tek initiativet til å starte ein strikkekafe på Sæbø. Kvar onsdag på Sæbø bedehus, frå kl. 19.000 og utover, er alle som vil vere med på eit slikt opplegg hjarteleg velkomne. Det vert veldig uformelt, og folk kan kome og gå når dei ynskjjer det.

- Vi kallar det ein strikkekafe, men sjølvsagt kan folkl ha med anna handarbeid om dei ynskjer det. Ei dame spurte oss om det var mogleg å bøte. Sjølvsagt kan ein ha med ei bukse og bøte denne. Og ein treng ikkje ta med handarbeid heller, seier Urkegjerde og Aambakk.

Ingvild er sjølv innflyttar til bygda, men ho kjende folk frå før, og kom raskt i kontakt med folk. - Andre synest det kan vere vanskeleg, og det er ikkje berre gå og besøke nabokona slik det var før. Difor håper vi eit slikt tiltak medverkar til at folk vert meir kjende med kvarandre, seier Ingvild.

Treffa onsdagskveldane er altså på Sæbø bedehus. Ann Helene og Ingvild understrekar at det er ein låg terskel, og det er ikkje snakk om religiøse møte.

- Nei, bedehuskjellaren er valt fordi det er koseleg her med sofakrokar, og vi kan også tende på i peisen. Vi skal ha det koseleg, seier dei to initiativtakarane.

Folk skal heller ikkje leggje for mykje vekt i ordet kafe. - Det handlar om å kjøpe seg ein kaffikopp og noko å bite i. det vert kkje fleire sortar, seier dei.

Strikkekafear har vorte innført i andre grupper med stor suksess, mellom anna i Folllestaddalen. Nokre kveldar kan det verte invitert fagpersonar innan handarbeid som kan fortelje om sine teknikkar.

- Vi ynskjer alle velkomne, seier Ann Helene og Ingvild.

 Les meir om saka i Møre-Nytt laurdag.