Den store isbrèen i Moagjølet er rekna for at den aldri vil smelte heilt, og ingen har sett den så liten som i år. I 2002 tok eg eit bilete frå Grøttdalstinden av brèen for å følge med. Dette var i begynnelsen av august så den minka litt til utover hausten. 

Moagjølet 10.08.02

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vi ser her på bilete at brèen både i Moagjølet og oppover mot Skårasalen er normal. Der ligg også litt snø nedi sjølve gjølet, men det er tidleg haust.

 

Moagjølet 6.11.05

I fjor 6.november var eg i høgda og tok bilete av brèen, men ikkje så høgt som sist .Her ser ein også ein ganske normal brèe så seint på året.

Moagjølet 12.10.06

I år fekk eg låne eit bilete frå Knut Hustad som er teke same dag som bilete i Olavshola og her er stor forskjell frå 2002, som er teke frå same plassen. Brèen er mørk og komen ned på den gamle blåisen som kanskje ikkje har vore framme i dagen på hundere, ja kanskje fleire hundere år.

Vil vi om nokre år oppleve at denne brèen i Moagjølet vert heilt vekk?